Pressemelding -
Teater om ein generasjon sjømenn
I midten av 1970-åra hadde nær ein tredjedel av alle yrkesaktive norske menn arbeidd til sjøs i kortare eller lengre periodar. Skodespelar Lasse Kolsrud var ein av dei.
COME BACK, LIZA
av Terje Nordby
PREMIERE FREDAG 2. OKTOBER KL. 20.00
PÅ SCENE 3
Framsyninga Come back, Liza hentar tittel frå ein av hitane til den jamaicansk-amerikanske calypsoartisten Harry Belafonte, musikk som følgt liva til dei som har vore til sjøs. Lasse Kolsruds eigne erfaringar med hundevakt, rustpikking, billeg brennevin til jul, og ikkje minst forholdet til faren som var sjømann heile sitt liv, er eitt av utgangspunkta for forteljinga om den tidlegare sjømannen Lauritz Moe.
Framsyning på bar
Framsyninga handlar om duoen Hermansen og Moe som denne kvelden skal halde ein barkonsert. Men akkurat denne kvelden tar det heile ei ny og uventa retning.
Denne dagen er Lauritz Moe ikkje berre forlaten av kjærasten gjennom 20 år, han har nettopp fått vite at den døde kroppen til faren er identifisert i Aust-Afrika. Det er vanskeleg å samle seg om det han skal seie, og digresjonane pressar seg fram. Medan tankane flyg til fjerne land, tar han oss med på ei reise til eit landskap der myte og verkelegheit flyt saman. Kjernetemaet er ein manns sakn etter ein far og eit liv som aldri blei heilt slik han hadde håpt.
Ein generasjon av sjømenn
Framsyninga blei til i samarbeid med Terje Nordby, kjend frå Tramteatret og Mytekalenderen på NRK, og hadde premiere i 1997. Når dei no tek framsyninga opp igjen vil dei finne ut korleis Lauritz Moe har det i dag, 20 år etter. På scenen har Kolsrud med seg Espen Leite på trekkspel, og historiene frå Lauritz Moes liv blir akkopagnert av ei rekke gamle slagarar frå ulike sjangrar.
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.