Pressemelding -
Teaterungdom frå heile landet på scenen i Oslo
For sjuande året skal ungdom frå heile landet møtast på Det Norske Teatret for å spele og sjå teater for og med ungdom under den landsdekkande DUS-festivalen.
DUS - DEN UNGE SCENEN
LANDSDEKKANDE TEATERFESTIVAL FOR UNGDOM
11. - 13. MAI
DET NORSKE TEATRET
Annankvart årt blir det arrangert DUS-festival på Det Norske Teatret. Teaterfestivalen er høgdepunktet i eit toårig prosjekt som tek til med at etablerte dramatikarar/forfattarar skriv ny dramatikk for ungdom, i tillegg til at to teatertekstar skriven av ungdom blir valde ut gjennom ein skrive-konkurranse. I år er det Hedda Bech frå Hatteng (f. 1998) og Sirilinn Fri (f. 1999) frå Asker/Trøndelag som har vore så heldige å få sine tekstar sette opp av teatergrupper frå heile landet. Nytt av året er også ein open kategori der teatergruppene sjølve kunne lage manus, kalla Blanke Ark: Norsk i dag, der ein skulle sjå nærare på norsk identitet i dag.
RIKT PROGRAM
Under den landsdekkande festivalen er det 12 grupper som er valde ut frå heile Noreg som skal få høve til å vise seg fram for alle som tek turen til Oslo for å vise kva ungdom kan få til på ein scene.
Heile programmet for festivalen og oversyn over gruppene som er med, finn du her.
DEN UNGE SCENEN
15 teaterinstitusjonar i 12 regionar er no med i DUS. Gruppene som er med, får nytte tekstane vederlagsfritt, og dei får fagleg hjelp gjennom dei regionale institusjonane. Det blir òg arrangert fleire seminar med gruppeleiarar og dramatikarar, i tillegg til regionale samlingar i fleire regionar. Hovudmålet er å dyrke fram gode tekstar som plattform for ungdommane sitt uttrykksbehov, men også å stimulere til å gå nye vegar for å gjere teatret til ein attraktiv arena for aldersgruppa 13-19 år.
DUS er støtta av Norsk Kulturfond.
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.