Gå videre til innhold
Toralv Maurstad deler raust frå liv og barndom i denne personlege framsyninga. Foto: Tine Poppe.
Toralv Maurstad deler raust frå liv og barndom i denne personlege framsyninga. Foto: Tine Poppe.

Pressemelding -

Toralv Maurstad med personleg teaterframsyning

Korleis har det vore å vekse opp i ein heim med to ruvande teaterpersonlegdomar som foreldrer?

TORDIS + ALFRED = TORALF
av og med Toralv Maurstad
TORSDAG 16. NOVEMBER KL. 19.00
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

Toralv Maurstad er ei levande legende i teateret. Men han blei også fødd inn i ein heim der teateret spelte hovudrolla. I framsyninga Tordis + Alfred = Toralf gir Toralv oss innblikk i korleis det var å vekse opp med dei berømte skodespelarane Tordis og Alfred Maurstad som foreldre. Med ei musikkelskande mor og ein far som var hardigfele-virtuos, stod musikken alltid sentralt på både scenen og i heimen. Det var likevel ikkje sjølvsagt at Toralv skulle finne vegen til teateret, og i framsyninga fortel han også korleis det likevel blei slik.

Tordis og Alfred Maurstad i fotografert i lag på scenen i framsyninga ARVEN av Eystein Solheim, som hadde premiere 2 år etter Toralv blei fødd. Foto: Eystein Solheim.

STJERNEPAR

Tordis blei sagt å ha ei magnetisk utstråling. Ho kom frå ein kulturinteressert heim, der faren var driftsstyrar av både Kaffistova og Bondeheimen i Kristiansund. Han var ein markant karakter i nynorskrørsla, og hadde tilnamnet «målkongen». Så det var heilt naturleg for Tordis å søke seg til Det Norske Teatret, som ho var knytt til i over 50 år.

Alfred voks opp i Nordfjord, og var både spelemann, filmregissør og skodespelar. Her på Det Norske Teatret blei han aller mest kjend for rolla som Torgeir i Fossegrimen, der han framførte den berømte slåtten Fanitullen. Han var også den første som laga film på landsmål. Men den filmrolla han blir aller mest hugsa for, er skurken Gjest Baardsen.

Pianisten Rune Alver står for dei musikalske bidraga i framsyninga.

Les meir om Tordis + Alfred = Toralf på nettsidene våre.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge