Gå videre til innhold
Våren 2018 på Det Norske Teatret

Pressemelding -

Våren 2018 på Det Norske Teatret

I dag la teatersjef Erik Ulfsby fram repertoaret for våren 2018 – eit repertoar som kommenterer samtida og som ønskjer å styrke teatret som debattarena.

Repertoaret spenner frå debatt-teaterframsyninga Utafor i samarbeid med Just Unity til hiphopteater i samarbeid med SPKRBOX. I tillegg set vi opp klassisk teater med Sara Khorami i rolla som Antigone, teaterversjonen av Haruko Murakamis roman Kafka på stranda og eit heilt spesielt barneteaterstykke som tek for seg dei grufulle hendingane i konsentasjonsleirane under krigen.

HEILE REPERTOARET

Her kan du lese heile repertoaret for våren 2018.

LIVESTREAM

I kveld kl. 19.00 sender Det Norske Teatret live på vår Facebookside frå Målarsalen på Det Norske Teatret med teatersjef Erik Ulfsby som programvert og mange aktuelle gjestar for vårens repertoar i studio.

HOVUDSCENEN OPNAR MED EIN FEST

Hovudscenen opnar til våren med framsyninga Kasimir og Karoline, eit stykke som ser på korleis det går med kjærleiken når kynisme, hedonisme og sjølvnyting er dei mest synlege driftene. Amell Basic og Kjersti Dalseide skal spele kjærasteparet Kasimir og Karoline, som er på oktoberfest. Sjølv om framtidsutsiktene er usikre, verdsøkonomien vaklar og dei politiske frontane skjerpa, går festen for fullt, og dansen nærmar seg kanten av stupet.

UTAFOR

Svein Tindberg har sidan Abrahams barn i 2011 vore engasjert i arbeidet for religiøs dialog. Saman med Faten Mahdi Al-Hussaini og Yosef Bartho Al-Nahi frå Just Unity har han samla fire unge stemmer med ulik bakgrunn, som alle er engasjerte i kampen mot ekstremisme. Med utgangspunkt i forteljingar om det å falle utafor samfunnet, ønskjer dei å appellere til publikum om å sjå inkludering på alle område som sitt ansvar.

HARUKI MURAKAMI TIL SCENEN

Frå West End kjem dramatiseringa av Kafka på stranda, den japanske forfattaren Haruki Murakamis kritikarroste roman. Han er mellom dei japanske forfattarane som er mest lest i Vesten, og blir ofte nemnt som kandidat til Nobelprisen i litteratur. Haruki Murakamis verd er ei verd der draumar og verkelegheit flyt over i kvarandre, der spøkelse finst og menneske kan snakke med kattar. I rollene finn vi mellom andre Morten Svartveit og Ane Dahl Torp.

OMSTRIDD TEATERSJEF VENDER TILBAKE

Teatersjefen frå krigen vender tilbake. Ingeborg Sundrehagen Raustøl skal gestalte det Norske Teatrets sjef under krigen, Cally Monrad. Ho var ein av det tidlege 1900-talets største kulturpersonlegdomar og Det Norske Teatrets første kvinnelege teatersjef. Likevel er det få som hugsar henne, og portrettet hennar heng ikkje på veggen.


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge