Pressemelding -
Stauder som tåler skygge
Stauder er hagens magi - hver høst visner de ned, men nede i jorden finnes liv, og når våren kommer gror de frem igjen. Frodige hager og krukker kjennetegnes ofte av god bruk av stauder, mener Tove Ladstein, informasjonsansvarlig i Opplysningskontoret for blomster og planter, OBP.
Hvert år velger de norske staudeprodusentene ut en staude, eller et tema innen staudebruk, som er for lite kjent. I år vil vi fokusere på stauder som tåler skyggefulle plasseringer ekstra godt.
I år vil Staudegruppa, Norsk Gartnerforbund, setja fokus på bruk av stauder for skuggefulle stader. Mange av dei plantene me kjenner vil gjerne ha sol minst halve dagen for å bløma og trivast. Men det finst og sortar som trivst betre i skugge, -eller krev skugge for ein god vekst og utvikling. Skugge, i denne samanhengen, kan vera ein veksestad der det berre er sol ein time eller to til ein stad der det er djup skugge frå bygningar, gjerde eller overhangande tre og buskar.
Plantesortimentet som trivst i halvskugge/skugge vil for det meste ha ei langt meir beskjeden bløming enn kva som er tilfelle for sortimentet for full sol. Likevel, mange stauder som trivst i skugge, har dekorativt bladverk, og ei god samplanting med ulike bladformer, struktur og fargar skapar vakre og frodige plantingar. Sjølv om desse staudene og blømer, er det bladformene og kontrastane i bladverket som fangar merksemda og som gjer dette til attraktive plantingar gjennom heile sesongen.
Under tre og buskar, det det er bra med lys tidleg vår, kan ein tilføra plantinga meir liv og farge ved å bruka tidlegblømande løkar. Lengre ut på våren, når lauvet skapar skugge, er løkplantene på hell og ferdige med bløminga. Då er det dei skuggeelskande bladstaudene som overtek arenaen og gøymer det som står att av visnande løkplanter.
Døme på slike løkar er: Vinterblom (Eranthis), krokus, (Crocus), blåstjerne (Scilla), perleblomst (Muscari), snøklokke (Galanthus) og påskeliljer (Narcissus). Det finst nokre få skuggetolande staudeslag som blømer før lauvsprett og som hjelper til med å farge tidleg vår. Døme på dette er lungeurt (Pulmonaria angustifolia), kusymre (Primula vulgaris), kvitveis (Anemone nemorosa-kultivarar) og blåveis (Hepatice nobilis). Du finn og bilder på www.obp.no og www.stauder.net
Døme på stauder som trivst i skugge:
Låge stauder (opp til 40 cm høge):
Aruncus aethusifolius | Koreaskjegg |
Asarum europaeum | Hasselurt |
Bergenia ssp | Hjartebergblom |
Brunnera macrophylla | Forglemmegeisøster |
Carex morrowii | Japanstarr |
Corydalis | Lerkespore |
Epimedium x rubrum | raud bispelue |
Geranium macrorrhizum | Rosestorkenebb |
Hakonechloa macra | Hakonegras |
Helleborus | Julerose |
Hosta ssp | Bladlilje, små og mellomstore |
Lamium maculatum | flekktvetann |
Pachysandra terminalis | Vinterglans |
Pulmonaria angustifolia | Lungeurt |
Saxifraga umbrosa | Skyggesildre |
Smilacina racemosa | Klasefjør |
Tiarella cordifolia | Klaseskumblom |
Waldsteinia temata | Sibirmuregull |
Høge stauder (meir enn 40 cm høge):
Astilboides tabularis | Skjoldblad |
Dryopteris filix-mas | Ormeteig |
Hosta ssp | Bladlilje, store sortar |
Ligularia | nøkketunge |
Lilium martagon | krøllilje |
Matteuccina struthiopteris | Strutseveng |
Onoclea sensibilis | Perlebregne |
Polygonatum multiflorum | Storkonvall |
Rodgersia spp | bronseblad |
Related links
Emner
- Miljø, energi
Kategorier
- hage
- blomsterkrukker
- blomsterbed
- skygge
- stauder
Mer informasjon og artikler om blomster og planter, hage og vekst, finner du på www.obp.no.
Ønsker du spesifikk informasjon om alle de fantastiske staudene som produseres i Norge - besøk også gartnernes egen oversiktsside www.stauder.net
Du kan fritt bruke bildene og teksten i artikkelen, men pass på å oppgi kilde obp.no eller Opplysningskontoret for blomster og planter