Gå videre til innhold
Åleundskunstnaren Inger K. Giskeødegård er årets plakatkunstnar.
Åleundskunstnaren Inger K. Giskeødegård er årets plakatkunstnar.

Nyhet -

Billettsalet for Sildagapet opnar 1. mars

Onsdag 1. mars kl. 09.00 opnar endeleg billettsalet for Opera Nordfjord sin hovudproduksjon til hausten: Sildagapet - ein opera om havets sølv av librettist Jostein Avdem Fretland og komponist Helge Sunde.

Premieren i Operahuset Nordfjord vert onsdag 4. oktober, med øvrige framsyningar 6., 7., 8., 11., 13., 14. og 15. oktober. Onsdagane 4. og 11. oktober og fredagane 6. og 13. oktober startar framsyninga kl. 18.30, laurdagane 7. og 14. oktober startar vi kl. 17.00 og begge søndagane har vi matinéframsyningar kl. 14.00. Det skulle då vere mogleg å finne ei framsyning på ein dag som passar einkvar, enten du har lang reiseveg heim etter framsyninga, ønskjer operapakke på Nordfjord Hotell, eller vil ha tid til å gå ut for ein betre middag før eller etter framsyninga. Ca. 40 min. før kvar framsyning vert det intro i kinosalen med interessant informasjon om korleis operaen vart til og eit aldri så lite tilbakeblikk på dei eventyrlege sildeåra, det myldrande fokelivet i Måløy og kanskje nokre gode råd om kor sunt det er å ete sild!. 

Sikre deg billettar til den dagen som passar deg best og på dei plassane i salen du ønskjer mest allereie no!

www.operanordfjord.no / www.operahuset.no

Emner

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge