Gå videre til innhold
Kristof Asbot engasjert med produksjonen av scena i Sildagapet. Foto: Kristof Asbot
Kristof Asbot engasjert med produksjonen av scena i Sildagapet. Foto: Kristof Asbot

Nyhet -

Kristof Asbot - engasjert Ungarer hjå Opera Nordfjord.

Kristof Asbot (f. 1956) og kona Beata Bekesi, som er psykologspesialist ved BUP, flytta til Eid i 2015. Snakk om lykketreff for ei kulturkommune som Eid!

Kristof tok tidleg kontakt med Opera Nordfjord, og gradvis har samarbeidet utvikla seg til at han i år har ansvar for alt filmmateriell som vert produsert, inkl. fullproduksjon av Sildagapet. I år engasjerte Kristof seg i scenekonstruksjon og leverte teikningar til denne. I tillegg til å vere utdanna innan tv-produksjon, han er både TV-regissør og kameramann, har han utdanning innan interiørdesign med fokus på studiodesign.

Kristof og Beata er frå Budapest i Ungarn, ein stor by med eit verdskjend kulturliv. Ein skulle tru overgangen var stor til Eid, men i følge Kristof har han blitt særs positivt overraska over kva som møtte han. Her fann han fort eit miljø med mange flinke folk han deler interesser med. Kristof føler seg mest heime i den klassiske musikken. Opera, teater, musikalar, dans og musikk. Han finn det veldig meiningsfullt å bruke sin bakgrunn i kulturlivet på Eid.

Kristof og Beata har to søner. Mark (27) jobber som film- og animasjonsartist i Budapest, Mate (24) studerer i Salzburg SEAD danse-akademi.

Kristof og Beata er begge nyskjerrige og bruker mykje av tida si på å utforske Nordfjord. Dei som følgjer Kristof på Facebook (https://www.facebook.com/asbot.kristof) forstår fort at dette er personar med hjarte for plassen dei er komen til. Etterkvart blir Kristof sine produksjonar eit viktig bidrag til å dokumentere tida vi lev i i Nordfjord.

Opera Nordfjord er gladef or at Kristof og kona valde å flytte til Nordfjordeid. Det tek tid å etablere seg på ein ny stad, og det krev mykje å skaffe seg eit nettverk. Kristof har fått ein del betalte oppdrag i Nordfjord, men fortsatt er han på utkikk etter ein fast jobb og fleire oppdrag.

- Opera Nordfjord er takknemlige for jobben Kristof har gjort for oss så langt for oss. Han sit på ein kunnskap som passar godt inn i vårt prosjekt. Vi kan anbefale Kristof til andre som treng ein dyktig filmprodusent, interiørdesigner eller scenografikonsulent, seier Kari Standal Pavelich.

Emner

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Relatert innhold

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge