Skip to main content

​Kulturministeren kjem til Opera Nordfjord

Nyhet   •   jun 25, 2018 11:43 CEST

Kulturminister Trine Skei Grande Foto: Mona Lindseth/Kulturdepartementet

Kulturminister Trine Skei Grande (V) har takka ja til å kome på Opera Nordfjord si 20-års jubileumsoppsetjing i 2018, La Bohème av Puccini. Kulturministeren kjem til Nordfjordeid på opera laurdag 6. oktober.

- Dette er ein milepæl for Opera Nordfjord - attpåtil i det store jubileumsåret! Det er første gong på dei 20 åra Opera Nordfjord har eksistert at vi får Kulturministeren på besøk på ei forestilling, seier operasjef Kari Pavelich og ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Opera Nordfjord har sidan oppstarten i 1998 vakse seg fram til å bli ein av dei sentrale kulturinstitusjonane i Sogn og Fjordane, og ein av dei mest aktive distriktsoperaene i Noreg. Operahuset Nordfjord opna i 2009, med over 500 sitjeplassar og spesialbygd sal for akustisk song og musikk. Dermed fekk Opera Nordfjord ei "heimebane" som det enno ikkje finst maken til i Noreg utanfor Operahuset i Bjørvika i Oslo. Opera Nordfjord har også stor aktivitet i regionen rundt, både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

I fjor haust såg nesten 4.000 publikummarar den nyskrivne operaen "Sildagapet - ein opera om havets sølv". Heile 96% av plassane vart selde til dei 8 forestillingane. I år er det ein av dei store klassikarane i operaverda, La Bohème av Puccini, som står på programmet i ei ny, nynorsk omsetjing. Premieren er onsdag 3. oktober, med åtte framsyningar samla.

- Vi vil ynskje Kulturministeren hjarteleg velkomen til Nordfjordeid i oktober - og oppleve eit opera-eventyr heilt utanom det vanlege, seier operasjef Kari Pavelich og ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Kulturminister Trine Skei Grande vil også besøke Nordfjordeid torsdag 5. juli, mellom anna for å besøke Eid vidaregåande skule og Operahuset Nordfjord, og møte internasjonale kulturaktørar som planlegg eit nytt samarbeidsprosjekt med kulturmiljøet rundt Operahuset Nordfjord.

Kontaktinformasjon:

Operasjef Kari Standal Pavelich: Tlf 951 37 226          Ordførar Alfred Bjørlo: Tlf 480 82 652

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.