Gå videre til innhold
Nyhendebrev: Billettsalet startar for Hans og Grete

Nyhet -

Nyhendebrev: Billettsalet startar for Hans og Grete

I dag startar billettsalet for den vakre, skumle, sjarmerande, morosame og gripande operaen Hans og Grete, etter Brødrene Grimm sitt eventyr. Her er garantert noko for ein kvar smak: først og fremst storslagen, romantisk musikk, dernest folkelege barnesongar vi kanskje har høyrt før, himmelsk ballettmusikk når dei fjorten englane kjem ned og vakar over borna i skogen, ei skikkeleg fæl heks i eit pepparkakehus i skogen, ei ond stemor, og framfor alt: modige born.

Operaen er både ein fullskala opera for vaksne, med "moden" musikk, men òg ein spennande opera for barn. Så her kan heile familien gå saman, sjølv om det nok kan bli litt for skummelt for dei aller yngste borna.

Det kunstnariske teamet og solistlaget vert sett saman i desse dagar -  enn så lenge har vi gleda av å presentere vår regissør, Jeff Pedersen frå USA, busett i Stongfjorden i Sunnfjord. Han driv sitt eige selskap, Jeff Pedersen Productions og er mykje nytta som  teaterregissør og kampsportinstruktør.  Det er ei stor glede å ha han med på laget, og vi gler oss til spennande samarbeid i det nye året!

                                                                                Jeff Pedersen

Hans og Grete hadde verdspremiere i Weimar i Tyskland Lille Julaftan 1893, dirigert av sjølvaste Richard Strauss, og operaen vart straks ein publikumssuksess for både vaksne og born.  Operaen er av dei kjæraste og meste spelte i operalitteraturen, og no er turen komen til Opera Nordfjord. Vi har ønskt å setje opp dennne operaen sidan vi starta opp i 1998. Etter 21 år er vi klare og gler oss til premiere onsdag 2. oktober og øvrige framsyningar 3., 5., 6., 8., 9.,11. og 12. oktober.

Vi ønskjer å takke våre medverkande solistar, musikarar, kor,  kunstnarisk team, alle frivillige og vårt PUBLIKUM for eit fantastisk jubileumsår - vi ser med stor glede tilbake på SCORE x 3 i mars, La Bohème x 8 i oktober og Annie x 4 i november, i alt 6800 publikummarar!  Velkomen tilbake til nye opplevingar i 2019, når vi feirar 10-årsjubiléet til Operahuset Nordfjord, vår kunstnariske "heim". Vi kan by på Fargespel Nordfjord 5., 6. og 7. april, Hans og Grete 2.-12. oktober og ein storslagen julekonsert i operahuset 6.- 8. desember. 

Billettane for dei to første produksjonane ligg no ute for sal,  sjekk www.operahuset.no.

Vi ønskjer alle våre vener ei riktig  god og fredfull julehøgtid og eit strålande fint kulturår!

Foto:Svein Nesbakk - frå musikaln Annie, med Michael Pavelich (Oliver Warbucks) og Sol Alme Brendefur (Annie)

Emner

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge