Gå videre til innhold
Frå operaen "Sildagapet, ein opera om havets sølv" hausten 2017
Frå operaen "Sildagapet, ein opera om havets sølv" hausten 2017

Nyhet -

Ønskjer herrestemmer til La Bohème

Likar du å synge i kor? Er du glad i å spele skodespel og å stå på ei scene? Er du i tillegg mann? Då er du ekstra velkomen i operakoret til Opera Nordfjord kommande sesong. Operaen La Bohème markerer 20-årsjubiléet til Opera Nordfjord med premiere onsdag 3. oktober. Den store korscena er Julaftanscena, som opnar 2. akt, og i år vert det ein ekstra stor og fargerik fest når sceneteppet går og tonane til 2. akt set oss i feststemning! Det er tynt i herrerekkene før første korøving, så songglade herrar, både tenorar, barytonar og bassar må gjerne melde seg snarast.  Eit nytt kunstnarisk team frå Sverige er godt i gong med skisser og modell til kostyme og scenografi, og alt lovar godt for ein ny og spennande opera om dei glade bohemane frå Paris.

Emner

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge