Gå videre til innhold
Opera Nordfjord testar nye marknadsføringskanalar!
Opera Nordfjord testar nye marknadsføringskanalar!

Nyhet -

Opera Nordfjord inngår avtalar med Mynewsdesk og Racer.

Tida står ikkje stille for nokon. Ei heller for Opera Nordfjord. Difor inngår vi samarbeid med Mynewsdesk og Racer for å nå ut til publikummet vårt på dei kanalar og digitale flater dei befinn seg på. 

Gjennom Mynewsdesk kan vi nå eit større nettverk av journalistar, media og tidsskrift enn tidlegare og nyhende vil enklare kunne spreie seg til fleire. Kjernepublikummet vårt når vi nok også gjennom papiraviser, webside og eigne sosiale kanalar, men som moderne nettbrukarar oppsøker vi i dag stadig fleire kjelder for informasjon. I tillegg fortener alle dei profesjonelle og frivillige i organisasjonen at flest mogleg får vite om kvaliteten på det arbeidet dei leverer. Difor prøver vi no ut mynewsdesk, seier operasjef Kari. 

Opera Nordfjord vel og å flytte deler av annonseringa over frå papirannonser til digital annonsering gjennom tenestene selskapet Racer i Ålesund leverer. Enkelt sagt hjelper Racer oss med å nå vårt publikum meir målretta gjennom annonsering via tenester levert av Google og Facebook. Så ikkje bli overraska om du ser annonse frå oss når du les Dagbladet eller andre aviser og tidsskrift på nett, ler Kari. 

Som nettbrukarar er vi jo vande til denne måten å få informasjon på, men for Opera Nordfjord er dette ei medviten og spennande utvikling for å tilpasse seg tida vi lever i og omgjevnadane våre. Vi håpar publikummet vårt og vi får ei positiv oppleving av denne satsinga, avsluttar Kari. 

Related links

Emner

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge