Skip to main content

Sildeopera i rute medan 20-årsjubiléet i 2018 tek form!

Nyhet   •   jul 21, 2017 01:36 CEST

Blid syerske Inger Øyre frå dugnadsgruppa syr kjole til Snurpedansen til ei av kordamene i Sildagapet!




Sildagapet i rute

Kostymelageret til Opera Nordfjord er fullt av alle slags kostyme frå forskjellige tidsepokar, men 1950-talet har førebels vore dårleg representert. Heilt fram til for eit par veker sidan, då dei frivillige sydamene saman med kostymedesignarar Åse Hegrenes, Sunniva Bodvin og tilskjerar Anne Gotaas sette i gong med det omfattande arbeidet med årets operaproduksjon, Sildagapet. No er det småblomstra kjolar, swingskjørt, kofter, heimestrikka gensarar, gammalt oljehyre og islendarar som gjeld. Gamle plagg frå kjellar, loft og bruktbutikkar har funne vegen til kostymelageret og er merka med namna til solistar, koristar og dansarar.

I første akt vert det Snurpedans frå Turnhallen i Måløy, og då skal ein gjenskape den magiske stemninga frå sildetida, med ung kjærleik, rivalisering, misunning, sjalusi og fest på lokalet! Felespelar Arne Sølvberg frå Blakset, som til dagleg er sauebonde og elles er styremedlem i Opera Nordfjord, har fått den treffande rolla som spelemann i operaen og vert ein av musikarane som skal lage dansestemning i Turnhallen.

Scenografien, som består i eit båtdekk i eit maritimt hamnemiljø, er under produksjon av lokale snikkarar i dugnadsapparatet, og ein reknar med ein god del lokale rekvisitt-tilskot frå naust langs Nordfjorden. Om nokon har spennande reiskap, lykter og andre gjenstandar frå sildefisket, er vi på operakontoret takksame for alle bidrag. Det er allereie tinga eit lass med sildekasser frå Hyen!

Korøvingane er godt i gong og har pause no i ferien, men det er framleis plass til fleire menn i koret, både tenorar og bassar. Om nokre av lesarane kan tenke seg å debutere som operakorist til hausten, er det berre å melde seg til operasjef Kari Standal Pavelich.

Billettsalet er godt i gong – få med deg venner eller familie og kjøp billettar til ein opera som skildrar ei viktig historie frå ei nær fortid. Speleperiode er 04. – 15. oktober.

https://www.operanordfjord.no/produksjonar/production/sildagapet

ARTWORK USED BY KIND PERMISSION OF MICROSOFT


SCORE spelmusikk-konsert i mars

Dersom du er mellom 18 og 40 år, er spelmusikk eit kjend omgrep. Kanskje du vaks opp på 80- og 90-talet med ikoniske Mario, Zelda, Sonic og Megaman som ekstra bestevenner, eller på 2000- og 2010-talet og framleis er aktiv spelar og elskar fantasyspel som World of Warcraft, Skyrim og Halo? Då har du mest sannsynleg eit ganske lidenskapeleg forhold til spelmusikken i dine favorittspel. Om du er ein tradisjonell operapublikummar som elskar klassisk musikk og opera, er spelmusikk mest sannsynleg ukjend og framand og «ikkje noko for deg». Trur du. Likar du filmmusikk? Då vil du garantert like spelmusikken til SCORE!

Helga 2.-4- mars 2018 skal Opera Nordfjord på konsertturné til Sogndal, Nordfjordeid og Ålesund med spelmusikkonseptet SCORE frå Sverige, og då inviterer vi ALLE som elskar god, symfonisk, akustisk musikk på ei oppleving du seint vil gløyme. Spelentusiast, rockar og konferansier Orvar Säfström og sopransolist Sabina Zweiacker skal saman med operaorkesteret, eit samansett kor og dirigent Michael Pavelich presentere eit variert og spennande konsertprogram med utdrag frå spela Final Fantasy, Assassin’s Creed, Battlefield, The Last of Us, Bloodborne og Journey med fleire. Vi vonar på stor oppslutnad frå publikum i alle aldrar, og om du er forelder eller besteforelder, er det beste bursdags- eller julegåvetipset til vaksne eller halvvaksne barn eller barnebarn billettar til ein av våre tre konsertar. Og du skal sjølvsagt gå saman med dei!

Om du har spelt dataspel tidlegare, er sjansene store for at du i konsertsalen kjenner gåsehuda reise seg i det musikken fraktar deg tilbake til unike, fantastiske opplevingar. Til då du galopperte til hest gjennom grasslettene med bogen på ryggen og det magiske sverdet i handa, eller styrte eit romskip mellom stjernene til ukjende galaksar på søken etter dei store svara. Til då du etter utallege forsøk endeleg klarte å sigre over den siste bossen, og mot enorme odds klarte å redde verda frå den sikre undergang og det gruelege herredømet. Eksempla er mange, og dataspel er eit eventyr med spelaren i hovudrolla, der musikken er sjølve lydsporet til di unike historie. La SCORE ta deg tilbake til ugløymelege augeblikk!

Dataspel er dei unge sin scenekunst – spela har vakre kostyme, scenografi, magisk lyssetting, episk musikk, heltar og heltinner, skurkar og gode hjelparar og skildrar kampen mellom det gode og det onde, akkurat som i opera! Velkomen til ein VAKKER, mektig, stemningsfull, rørande, lidenskapeleg og annleis konsert som garantert vil engasjere og glede vårt publikum. Du er sjølvsagt hjarteleg velkomen til å kle deg ut som ein av dine favorittfigurar – eller kom som du er, kleskoden veljer du sjølv!

La Bohème hausten 2018

I 2018 er det 20 år sidan Opera Nordfjord ønskte velkomen til sin første operapremiere. Jubileumsframsyninga i 2018 vert alltid like vakre og aktuelle La Bohème, som Opera Nordfjord sist gjorde i 2000. Neste haust vert det igjen tid for å glede oss saman med dei sorglause bohemane og gråte saman med Rodolfo over Mimi sin tragiske skjebne. Opera Nordfjord har nettopp arrangert prøvesong for denne produksjonen og vil i løpet av få veker ha klart både solistlag og kunstnarisk team.

Vi gler oss til å framføre ein av dei aller mest spelte og folkekjære operaene i operalitteraturen, for første gong i nynorsk språkdrakt av omsettar Jostein Avdem Fretland. Barnekor, operakor, solistlag og orkester skal saman med det kunstnariske teamet gjere sitt beste for å lage ei framsyning eit jubileum verdig. Billettsalet opnar 1. desember, og det vert 8 framsyningar med premiere 3. oktober. Set allereie no av vekene 40 og 41 og merk dei med La Bohème, så skal vi sørge for påminningar med jamne mellomrom!

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.