Gå videre til innhold
Blide dugnadskarar flyttar kulissar frå verkstaden til operahuset.
Blide dugnadskarar flyttar kulissar frå verkstaden til operahuset.

Nyhet -

Sildeoperakulissar på veg til Operahuset Nordfjord

Operaen Sildagapet er no i den siste innspurten fram mot verdspremiere onsdag 4. oktober i Operahuset Nordfjord. No skal scena i operahuset forvandlast til sildehamna Måløy på 1950-talet. 

 Lokale dugnadssnikkarar har sidan tidleg i sommar arbeidd med komplekse kulisseelement under leiing av våre scenografar Åse Hegrenes og Sunniva Bodvin. Sist helg vart den store bakveggen i operahuset måla av dyktige dugnadsarbeidarar og omskapt til himmel, skyar og hav. I skrivande stund er store kulisse-seksjonar på veg frå verkstaden til operascena, der dei skal monterast og ferdigstillast fram mot helga. Scena skal omskapast til eit travelt hamneområde i Måløy. Bakdekket på ein fiskebåt utgjer ein stor del av kulissane, med store stablar av sildekasser frå Hyen som stemningsskapande element. Ein kan forvente både bølgeskvulp og måkeskrik, så publikum kjem nesten, men berre nesten til å  kjenner lukta av salt sjø, tang og tare når overtyren kling frå orkestergrava. 

Det er all grunn til å planlegge eit besøk i Operahuset Nordfjord i perioden 04.-15. oktober. 

Emner

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge