Gå videre til innhold
Annie er premiereklar fredag 23. november i Operahuset Nordfjord
Annie er premiereklar fredag 23. november i Operahuset Nordfjord

Nyhet -

Sjarmtrollet Annie til Opera Nordfjord - billettsalet er i gang!

Dei siste vekene har det vore hektisk aktivitet for Opera Nordfjord, med prøvesong til alle rollene i familiemusikalen Annie. Ikkje berre treng ein ein skokk med unge jenter i alle aldrar, musikalen har òg ei lang rolleliste med vaksne karakterar som skal fyllast med dyktige amatørar frå regionen.

Rollelista vert klar i løpet av mai, og då startar pugging av songtekstar og manus. Regissør og musikalsk leiar vert Michael Pavelich, medan ballettpedagog Candice Bredesen skal ha ansvaret for koreografi og innøving av alle dansenummera. Solistane kjem frå heile Nordfjord og Søre Sunnmøre. I tillegg til alle namngjevne roller for born, ungdom og vaksne, treng ein også eit blandakor, og det er framleis plass til fleire menn. Musikalen vert omsett til nynorsk, så for aller første gong kjem Annie frå nynorskland! 

Billettsalet har starta,og det er tre sjansar til å få med seg denne folkekjære musikalen, som er perfekt for heile familien, frå dei aller yngste til oldemor og oldefar. Merk av 23., 24. og 25. november i kalenderen allereie no, då vert det folkefest i Operahuset Nordfjord!

Emner

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge