Gå videre til innhold
Velkomen til Opera Nordfjord sitt Nyhendebrev 1/2017

Nyhet -

Velkomen til Opera Nordfjord sitt Nyhendebrev 1/2017


Billettsalet for Sildagapet er no opna

Billettsalet til operaen Sildagapet, som er vår hovudproduksjon hausten 2017, er no opna. Operaen er eit tingingsverk skrive av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde og er ei skildring av miljøet i Måløy – eller kva som helst sildehamn – under det eventyrlege sildefisket på vestlandskysten på midten av 1950-talet.

I dei fargerike rollene møter vi m.a. Eivind Kandal, Helga Botn, Magne Fremmerlid, JeanetteEkornåsvåg, Kristian Krokslett, Jonas Navarsete og Martha Standal Pavelich. Det kunstnariske teamet med regissør Ronald Rørvik, dirigent Michael Pavelich, scenograf Åse Hegrenes og lysmeister Ovar Holmen kan nesten ikkje vente med å komme i gong med førebuingar og innøving av operaen utover våren og sommaren.

Vi garanterer ei god historie, fengande og spennande musikk som innimellom kjem til å rykke i dansefoten, dramatikk, sjalusi, kjærleik, måkeskrik, bølgjeskvulp og eit yrande folkeliv på operascena vår. Kva meir kan du ønskje deg?

Du kan sikre deg akkurat dei billettane du ønskjer deg til den framsyninga som passar best – sjekk datoar og tidspunkt allereie no akkurat her: https://operanordfjord.no/billettar

Plakatkunstnar Inger Giskeødegård

Det er ei stor glede å presentere Inger K. Giskeødegård som plakatkunstnar for operaen Sildagapet. Ålesundskunstnaren har arbeidd som biletkunstnar og avisteiknar på heiltid sidan 1987. Ho teiknar for Sunnmørsposten og har hatt oppdrag for mellom anna Bergens Tidende, Adresseavisen, Aftenposten og ei rekkje lokalaviser. Uttrykket hennar er hovudsakleg teikning kombinert med akvarell på papir, teikning kombinert med mange tynne strøk med akryl eller olje på lerret, eller grafiske teknikkar, som til dømes litografi.

Inger K. Giskeødegård er først og fremt ein liveteiknar, eller urbansketchar. Liveteikning i sjølve motivet gir henne ei spesiell glede, fordi det er krevjande og utfordrande med perspektiv og mange forsvinningspunkt. Med teiknelinja over papir eller lerret står biletet der med si eiga fortelling. Kyr og kulturlandskap har pressa seg fram med tanke på matproduksjon, jordvern, landbrukspolitikk, livskvalitet og beredskap. Fordi menneske interesserer henne, har det òg blitt mange portrett i hennar kunstnargjerning. Giskeødegård har hatt ei rekkje separatutstillingar og gruppe-/kollektivutstillingar, i tillegg til utsmykkingsoppdrag og plakatoppdrag. Ho er ein kjend bokillustratør gjennom samarbeid med mellom anna Harald Grytten, Kjetil Tandstad, Gunnar Staalesen og Vera Henriksen.

Den kunstnariske aktiviteten vert utført i atelieret på Devoldfabrikken, i atelieret på Giske, i bil, eller ute i det fri. Motiva er gjerne henta frå nordvestlandets kystlandskap og maritime fortellingar. 

Du kan følgje Inger på Facebook og Instagram:

https://www.facebook.com/ingerkgiskeodegaard.billedkunst/?fref=ts

https://www.instagram.com/ingerkgiskeodegaard/

Puccini som æresgjest

På vår konsertturné i dagane 24., 25. og 26. mars satsar vi på høg tåre-klump-i-halsen- gåsehud-begeistring-faktor med eit program som hyllar Puccini. Første halvdel opnar med den unge Giacomo Puccini si eksamensoppgåve ved konservatoriet i Milano, Preludio Sinfonico, der orkesteret skal få glitre heilt åleine. I neste innslag presenterer vi våre to eminente solistar, amerikanaren og tenoren Evan Bowers og bassen Magne Fremmerlid i vakre O Mimi, tu più non torno frå La Bohème, etterfølgt av tenorarien Donna non vidi mai frå Manon Lescaut. Frå sistnemnde opera skal orkesteret igjen komme til sin rett istemningsfulle Intermezzo, før første avdeling avsluttar med mektige Te Deum frå Tosca med Magne Fremmerlid og vårt utvida operakor, som består av Musikklinjekoret ved Firda vidaregåande skule og vårt eige operakor, til saman ca. 75 songarar.

Messa di Gloria er eit korverk som består av alle dei tradisjonelle messe-ledda, og som oser av musikkglede, vitalitet og energi både i kor og orkester. Den eine vakre satsen avløyser den andre, i harmonisk veksling mellom stemningsfulle solistparti og mektige korparti.

Det finst ingen gode grunnar for IKKJE å gå på ein av dei tre konsertane – du har heile TRE sjansar til å gi deg sjølv ei musikalsk gåve du vil huske i lang tid.

Fredag 24.03. kl. 19.00: Trivselshagen, www.trivselshagen.no

Laurdag 25.03. kl. 18.00: Operahuset Nordfjord, www.operahuset.no

Søndag 26.03. kl. 17.00: Førdehuset, www.fordehuset.no

Ta med deg ein ven eller to og kom!

Back to the 80’s

Opera Nordfjord har hatt eit musikalsamarbeid med Eid vidaregåande skule sidan 2011. Back to the 80’ser den 7. musikalen i rekkja, og fredag 17. og laurdag 18. mars vert det høve til å møte heltane dine frå 80-talet i nokre av dei største hit-låtane frå det legendariske pop-tiåret. Talentfulle songarar, dansarar og skodespelarar frå alle klassetrinn og programval ved skulen er no midt i intensive regiprøver for å bli premiereklare den 17. mars. Billettsalet er godt i gong allereie. Nytt høvet til å få deg ein solid dose med 80-talsnostalgi og mimring, vi garanterer høgt tempo, kjappe replikkar, intrigar, kjærleikssorg og musikk av mellom anna Michael Jackson, Jon Bovi, Europe og Madonna. Regi og musikalsk leiing er ved Michael Pavelich.

Billettar: http://www.operahuset.no/operahuset/pa-scena/back-to-the-80s-17-og-18-mars/

Opera Nordfjord inngår avtalar med Mynewsdesk og Racer

Tida står ikkje stille for nokon. Ei heller for Opera Nordfjord. Difor inngår vi samarbeid med Mynewsdesk og Racer for å nå ut til publikummet vårt på dei kanalar og digitale flater dei befinn seg på.

Gjennom Mynewsdesk kan vi nå eit større nettverk av journalistar, media og tidsskrift enn tidlegare og nyhende vil enklare kunne spreie seg til fleire. Kjernepublikummet vårt når vi nok også gjennom papiraviser, webside og eigne sosiale kanalar, men som moderne nettbrukarar oppsøker vi i dag stadig fleire kjelder for informasjon. I tillegg fortener alle dei profesjonelle og frivillige i organisasjonen at flest mogleg får vite om kvaliteten på det arbeidet dei leverer. Difor prøver vi no ut mynewsdesk, seier operasjef Kari.

Opera Nordfjord vel og å flytte deler av annonseringa over frå papirannonser til digital annonsering gjennom tenestene selskapet Racer i Ålesund leverer. Enkelt sagt hjelper Racer oss med å nå vårt publikum meir målretta gjennom annonsering via tenester levert av Google og Facebook. Så ikkje bli overraska om du ser annonse frå oss når du les Dagbladet eller andre aviser og tidsskrift på nett, ler Kari.

Som nettbrukarar er vi jo vande til denne måten å få informasjon på, men for Opera Nordfjord er dette ei medviten og spennande utvikling for å tilpasse seg tida vi lever i og omgjevnadane våre. Vi håpar publikummet vårt og vi får ei positiv oppleving av denne satsinga, avsluttar Kari. 

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge