Gå videre til innhold
Verdspremiere i dag på den lokalproduserte familieoperaen Sildagapet. Foto: Øystein Torheim
Verdspremiere i dag på den lokalproduserte familieoperaen Sildagapet. Foto: Øystein Torheim

Nyhet -

Verdspremiere på Sildagapet i dag!

Dagen er komen. Operastemninga breier om seg i bygda og truleg i Nordfjord. Billettsalet til heile produksjonen går godt, generalprøva var ein suksess og Operahuset Nordfjord er ferdig pynta til fest. Ting går rette veg for Opera Nordfjord om dagen!

Kl 18.30 i kveld går sceneteppet opp (retting: tilsides) og publikum vil få oppleve sildeeventyret på 50-talet, på godt og vondt. For oss som har jobba med dette ei god stund gledar vi oss til å syne fram den fantastiske verda som vert skapt på scena av kulissar, lys, lyd og stemmer. 

Allerede før du entrar kultursalen er festen i gang. Du blir møtt av raud løpar og stemningsfulle lokaler pynta etter alle kunstens reglar og tidsånda frå 50-talet i Måløy. Her er sildestimar, trebåt, fotoutstilling, garn, fiskarar og tidsriktige artiklar. 

I garderoben står trivelige frivillige klare til å ta vel imot deg og passe på ytterklede dine medan du skal hygge deg. Baren vil vere open ein time før framsyninga og i pausen. Det er mogleg å kjøpe delikate wraps med blant anna sild, røykelaks og spekeskinke, samt anna snacks som du kan kose deg med. Du kan bestille pausemat i baren på førehand. 

Bortsett frå på premieredagen, vil det bli introduksjon i kinosalen 30 minutt før framsyning. 

Velkommen til framsyning!

Emner

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord

Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge