Skip to main content

Puccinifest med operafavorittar og Messa di Gloria.

Pressemelding   •   jan 23, 2017 14:54 CET

Evan Bowers og Magne Fremmerlid

Det vakre og mektige korverket Messa di Gloria vert framført av eit storkor samansett av Musikklinjekoret ved Firda vidaregåande skule og Nordfjord Operakor og andre amatørsongarar som ønskjer å bli med. Musikklinjekoret har hatt fleire samarbeidsprosjekt med Opera Nordfjord tidlegare, både operagallaturné, Verdis Requiem, Messias og Beethovens 9. symfoni, og distriktsoperaen på Nordfjordeid ser fram til å arbeide med dyktige ungdommar frå heile fylket.

Messa di Gloria var Puccini si eksamensoppgåve frå Instituto Musicale Pacini i Lucca og hadde premiere i 1888 med stor suksess. Likevel vart ikkje verket utgitt av Puccini, og først i 1952 vart det framført igjen, i USA og Italia. Messa inneheld dei tradisjonelle messeledda Kyrie, Gloria, Credo, Sanctus, Benedictus og Agnus Dei og er skrive for kor, orkester, tenor, baryton og bass. I tillegg til messa får vi mellom anna høyre den vakre Intermezzo frå Manon Lescaut, Preludio Sinfonico og den kjende duetten mellom Pinkerton og Sharpless frå Madama Butterfly. Heile programmet vert ei oppvisning i velklang og musikalske høgdepunkt med høg gåsehudfaktor.

Solistane vert den kjende amerikanske tenoren Evan Bowers, som til våren syng Don José i Carmen ved Den Norske Opera & Ballett, og bassen Magne Fremmerlid frå Skodje på Sunnmøre, som har sunge ved nasjonaloperaen i ei årrekkje.

Konsertane vert i Trivselshagen på Sandane fredag 24. mars, så i Operahuset Nordfjord laurdag 25. mars og i Førdehuset søndag 26. mars.

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2012 inne i sin 15. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Større og mindre verksemder har vore trufaste støttespelarar på sponsorlaget. Sparebanken Vest og Sogn og Fjordane Energi - SFE – er framleis våre lojale og viktige hovudsponsorar, og det tette og vedvarande samarbeidet med Nordfjord Hotell frå første leveår i 1998 har vore ein viktig suksessfaktor gjennom å ivarete både tilreisande solistar, musikarar og kunstnariske leiarar og å yte den beste service til vårt gjestepublikum frå fjern og nær!

Opninga av Operahuset Nordfjord i 2009 markerte ei ny tidsrekning for Opera Nordfjord. Med tidsriktige og høvelege produksjonslokale i skule- og verkstaddelen og fantastisk akustikk i operasalen har ON fått ein heilt ny kvardag. Det tette samarbeidet med Eid VGS om kulisse- og rekvisittproduksjon har blitt ein viktig ressurs både for skulen og ON, noko samlokaliseringa av skule og operahus har lagt til rette for. Med premiere på Madama Butterfly 29.09., gjestespel med Tryllefløyten i Bjørvika i februar 2013 og samarbeid med Firda VGS om Messias av Händel på konsertturné har vi flotte og spennande utfordringar i nær framtid! I 2014 satte vi opp Puritani - Søner av sola og Turandot, i 2015 Maskeballet og Sound of Music og i 2016 blir det Hoffmanns Eventyr og Familiemusikalen Charlie Brown.

Endre

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar