Skip to main content

Solistlaget klart for musikalen Annie

Pressemelding   •   mai 28, 2018 11:21 CEST

Frå venstre: Ane Fitje Woxen, Åsa Liv Røgeberg, Solvei Kayser Husbyn, Sol Alme Brenfur (Annie), Maja Kvalsvik Haugen, Tuva Nyhammer-Taklo og Elsa Bredesen. Foto: Fotografen Eide

Solistlaget klart til familiemusikalen Annie

Den kjende og høgt elska musikalen Annie står på repertoaret når Opera Nordfjord feirar 20 år til hausten. Etter teppefall på siste framsyning av La Bohème 13. oktober vert det nye, hektiske veker med øvingar fram til ny premiere i Operahuset Nordfjord fredag 23. november.

Etter fleire dagar og to rundar med audition for alle roller, både for born, ungdommar og vaksne, er no solistlaget med dei sju barneheimsjentene endeleg klart. Hovudrolla Annie går til Sol Alme Brendefur frå Hornindal, og med seg har ho Tuva Nyhammer-Taklo som Duffy, Åsa Liv Røgeberg frå Gloppen som Pepper, Ane Fitje Woxen frå Gloppen som Tessie, Elsa Bredesen frå Eid som July, Maja Kvalsvik Haugen frå Gloppen som Kate og Solvei Kayser Husbyn frå Gloppen som vesle Molly.

Dei andre 11 barneheimsjentene som er plukka ut kjem frå Hornindal, Gloppen, Bremanger og Eid. I tillegg kjem eit omfattande solistlag av vaksne aktørar som skal fyllast av lokale utøvarar. Desse er ikkje heilt klare, enno, men vil vere på plass om kort tid. Til slutt skal ein sette saman eit kor av vaksne kvinner og menn, ungdommar og born.

Annie vert den fjerde familieframsyninga til Opera Nordfjord; balletten Nøtteknekkaren, musikalane The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown er tidlegare produksjonar for heile familien. Regissør og musikalsk leiar vert Michael Pavelich, som har med seg koreograf Candice Bredesen, som tek seg av både koreografi og innstudering av alle dansenummera.

Billettsalet er allereie i gong for tre framsyningar i Operahuset Nordfjord 23., 24. og 25. november.  

Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.