Gå videre til innhold
Oppe frå venstre: Marika Schultze, Vibeke Kristensen, Trond Halstein Moe, nede frå venstre: Siv Oda Hagerupsen, David Fielder og Elisabeth Gimmestad
Oppe frå venstre: Marika Schultze, Vibeke Kristensen, Trond Halstein Moe, nede frå venstre: Siv Oda Hagerupsen, David Fielder og Elisabeth Gimmestad

Pressemelding -

Solistlaget til Hans og Grete er klart

Det har vore ein draum i mange år for Opera Nordfjord å setje opp operaen Hans og Grete av Engelbert Humperdinck. Til hausten skjer det: endeleg skal Opera Nordfjord fortelje det kjende eventyret av Brødrene Grimm, tonesett av storslagen, vakker musikk, wagnersk i tonespråket. 

Solistlaget er no klart, og det er ei glede å presentere ei blanding av veletablerte solistar med ei lang merittliste bak seg og nyutdanna songarar, som er i starten av operakarrieren. Hans vert sunge av svenske Marika Schultze, som i vår vert uteksaminert frå operahøgskolen i Oslo, medan Vibeke Kristensen, kjend for vårt publikum frå Flaggermusen, Tryllefløyten og Jegerbruden, skal synge rolla som Grete.

Trond Halstein Moe, som har eit heilt arbeidsliv frå Den Norske Opera & Ballett bak seg, skal tolke rolla som Faren (Peter). Han har tidlegare gjort roller for Opera Nordfjord i Madama Butterfly, Opera i Kyrkja og Hoffmanns Eventyr. Siv Oda Hagerupsen har gjesta Opera Nordfjord ved fleire høve, både i Figaros Bryllup, Eugene Onegin, Maskeballet og Hoffmanns Eventyr og skal synge rolla som Mora (Gertrud).

Heksa vert spelt av den svenske tenoren David Fielder, som gjestar Nordfjord for aller første gong.

Det er ei ekstra stor glede å presentere ein av «våre eigne» songarar, nemleg sopranen Elisabeth Gimmestad, som kjem frå Sandane. Ho har Master i song frå Norges Musikkhøgskole og gjorde rolla som Ida i Flaggermusen for Opera Nordfjord i 2013. I Hans og Grete skal ho synge rollene som Jon Blund og  Duggfé.

Det kunstnariske teamet er allereie i gong med planlegging av regi, scenografi, kostyme, lyssetting og maskearbeid. Amerikanske Jeff Pedersen, busett i Stongfjorden i Sunnfjord, skal ha regien, og han gler seg til å gjere sin aller første opera. Åse Hegrenes er kjend for Opera Nordfjord frå både Flaggermusen og Sildagapet og skal ha ansvar for både scenografi og kostymedesign. Marianne Wedseth skal ha lysdesign og har ei lang og aktiv karriere bak seg frå mange profesjonelle teaterscener. Ingunn Schumann Mosand er tilbake som maskør etter La Bohéme i fjor haust. Candice Bredesen skal ha koreografiansvar for den kjende ballettscena, og Michael Pavelich har som vanleg det musikalske ansvaret.

I år er det aller første gong at det faste operakoret ikkje får vere med, sidan det kun er born og unge med i både balletten og koret. Det vert valt ut songarar og dansarar frå det lokale song- og dansemiljøet, og øvingane startar i mai-juni.

Sjølv om Hans og Grete er basert på det kjende eventyret som vi alle las som born, er det ein «vaksen», fullscenisk opera, som passar både for det tradisjonelle operapublikumet og for born og unge frå skulealder og oppover.

Premieren er onsdag 2. oktober, og det vert spelt i alt 8 framsyningar, med siste framsyning laurdag 12. oktober. Billettsalet er allerie i gong.

Emner

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge