Høgthengande tysk illustrasjonspris til Øyvind Torseter
For ellevte gongen blir den høgthengande illustrasjonsprisen frå Gemeinschaftswerk der Evangelischen Publizistik GmbH delt ut. Prisen er på 5000 Euro, og går i år til illustratør Øyvind Torseter for boka “Papas Arme sind ein Boot”, (“Eg kan ikkje sove no” Samlaget 2008). Teksten er skriven av forfattar Stein Erik Lunde.