Gå videre til innhold
Høgthengande tysk illustrasjonspris til Øyvind Torseter

Pressemelding -

Høgthengande tysk illustrasjonspris til Øyvind Torseter

For ellevte gongen blir den høgthengande illustrasjonsprisen frå Gemeinschaftswerk der Evangelischen Publizistik GmbH delt ut. Prisen er på 5000 Euro, og går i år til illustratør Øyvind Torseter for biletboka Papas Arme sind ein Boot, (Eg kan ikkje sove no, Samlaget 2008 ). Teksten er skriven av forfattar Stein Erik Lunde.

Grunntemaet i boka er sorg og død, og juryen meiner at temaet blir behandla på ein passande og god måte: "Tekst og bilde går saman i ei høgare eining, og skil seg slik positivt ut blant bildebøker med same tema. Torseter skaper ein tredimensjonal collageeffekt gjennom illustrasjon og papirklipp."

Øyvind Torseter (f. 1972) bur i Oslo. Torseter er illustratør, teikneserieskapar, bildekunstnar og forfattar. Han har illustrert fleire bildebøker mellom anna Avstikkere som han vann den prestisjetunge Bologna Ragazzi Award for. Den siste boka han har illustrert på Samlaget er Kenneth Stevens Historia om korleis hunden fekk vår snute, som nylig kom ut og alt er selt til USA og Frankrike.

 

Meir om Eg kan ikkje sove no:

Guten i denne vinternattforteljinga får ikkje sove; då er det godt pappa er der og kan svare på alle spørsmål. For søv dei raude fuglane? Et reven maten deira? Og viktigast av alt: Søv mamma?

I denne stjerneklåre og stillfarande biletbokforteljinga møter vi ein trygg far og ein uroleg gut som tar vare på kvarandre i den store vinternatta.

Frå bokmeldingar

"En barnebok som viser hvor vellykket det kan bli når ord og strek fra to anerkjente kunstnere møtes."

Turid Larsen, Dagsavisen

"Vakkert om savn"

Geir Vestad, Hamar Arbeiderblad

"Utruleg varm og vakker"

Mariann Lystrup, Vårt Land 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO