Brageprisnominerte Harald Nortun med ny barnebok
Barneromanen Spådama i 7B tek for seg fordommar og førsteinntrykk i klasserommet.
Nina har begynt på ny skule for fjerde gong. Ho kjenner ingen i 7B. Men ho kan fortelje dei nye klassevennene sine kva som vil skje om nokre minutt og i neste time. Rykta begynner å gå: Er den nye jenta synsk? Kan Nina verkeleg spå?
Spådama i 7B handlar om flaks og uflaks, fordommar og førsteinntrykk, og om kor