Gå videre til innhold
Trondheims-baserte Harald Nortun (f. 1972) er aktuell med ny roman for barn.
Trondheims-baserte Harald Nortun (f. 1972) er aktuell med ny roman for barn.

Pressemelding -

Brageprisnominerte Harald Nortun med ny barnebok

Barneromanen Spådama i 7B tek for seg fordommar og førsteinntrykk i klasserommet.

Nina har begynt på ny skule for fjerde gong. Ho kjenner ingen i 7B. Men ho kan fortelje dei nye klassevennene sine kva som vil skje om nokre minutt og i neste time. Rykta begynner å gå: Er den nye jenta synsk? Kan Nina verkeleg spå?

Spådama i 7B handlar om flaks og uflaks, fordommar og førsteinntrykk, og om kor langt ein er villig til å gå for å få venner og passe inn i miljøet. Boka er Nortuns tredje barneroman på Samlaget, og er ei fantasifull men òg realitetsorientert historie om nye vennskap tidleg i tenåra. 

Forfattaren si førre bok, Blå flaggermus (2019) blei nominert til Brageprisen, der juryen gav følgjande grunngiving: «Blå flaggermus er korthogd og velskriven, og sveipar innom tematikk som fattigdom, rettferd, dysleksi og fleire typar utanforskap [...] Denne underhaldande, men samstundes truverdige skildringa [...] har noko på hjartet.»

Harald Nortun (f. 1972) er utdanna litteraturvitar og har arbeidd som lektor ved NTNU. Han debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. I 2015 gav han ut ein kritikarrost roman for barn, Eksperimentet, som er omsett til fire språk, blant anna fransk og nederlandsk. I 2019 kom barneromanen Blå flaggermus. Nortun er busett i Trondheim. 

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO