Gå videre til innhold
Ruth Lillegraven med ny diktbok for barn

Pressemelding -

Ruth Lillegraven med ny diktbok for barn

Prisvinnande og kritikarroste Ruth Lillegraven er tilbake med ei ny diktsamling for barn

høyr!
kviskrar stien

hausten spring
gjennom skogen
stel sommaren
og kjem med
vinteren

og sjå!
gule lauv ligg og
lyser på bakken

det er gullmyntar
som hausten har
strøydd ut

Kva skjer når eit barn følgjer ein kviskrande sti inn i skogen den grøne? Korleis kan ei bjørk likne ei jente som prøver å riste vatn ut av håret? Og kva med skodda som kjem som huldrepust? Og elgen som flyt i det botnlause tjernet, søkk han heilt ned til Kina?

Som i den Bragepris-nominerte diktsamlinga Eg er eg er eg er skriv Ruth Lillegraven med finkjensle for dei små detaljane. I Skogen den grøne følgjer vi eit barns undrande blikk på det som lever og hender i naturen rundt oss. Lillegraven tek den unge lesaren med inn i skogen – og inn i poesien.

Boka er vakkert illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen.

Det blir lansering av boka under poesifestivalen i Ulvik, laurdag 8.september kl.15.00 i Fjordsalongen på Brakanes hotel. Les meir om arrangementet her: 

http://www.poesifestivalen.no/up/no/program/laurdag_8_september/Lyrikklansering%3A+Skogen+den+grøne.d25-SMdDGWq.ips

Ruth Lillegraven (f. 1978) debuterte med den kritikarroste diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. I 2013 fekk ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Ruth Lillegraven er frå Hardanger og bur no i Bærum.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Relatert innhold

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO