Gå videre til innhold
Ruth Lillegraven med ny diktsamling for barn

Pressemelding -

Ruth Lillegraven med ny diktsamling for barn

Dikt om starten og slutten på livet

eg tikkar og tikkar

er på nedteljing

seier mormor

du tikkar òg

men oppover

heldige du som

tikkar mot alt som

skal og kan skje

noko lyst og noko mørkt

livet sjølv

Badesommar er den tredje diktsamlinga for barn skriven av Ruth Lillegraven. Som i Eg er eg er eg er og Skogen den grøne er dette forteljande dikt, og denne gong føljer vi ei ung jente og mormora hennar. Jenta er eg-personen og ho er den einaste i klassen som ikkje kan symje. Samstundes kjem det ein liten bror til verda. Så avslører mormor ei hemmelegheit frå då ho var ung – og får ein god ide. Saman byrjar dei å vente på sommaren og på å stupe ut på djupt vatn.

Badesommar er dikt om å vere ung og å vere gamal, om alt som stadig endrar seg, og om å symje i alt slags vatn.

Boka er vakkert illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen.

Ruth Lillegraven (f.1978) er poet og forfattar. Ho debuterte med den kritikarroste diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. I 2013 fekk ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. For den første diktsamlinga si for barn, Eg er eg er eg er (2016), blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen. For Skogen den grøne blei ho nominert til Kulturdepartementets litteraturpris.

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Relatert innhold

  • Ruth Lillegraven med ny diktbok for barn

    Ruth Lillegraven med ny diktbok for barn

    Prisvinnande og kritikarroste Ruth Lillegraven er tilbake med ei ny diktsamling for barn
    høyr!
    kviskrar stien
    hausten spring
    gjennom skogen
    stel sommaren
    og kjem med
    vinteren
    og sjå!
    gule lauv ligg og
    lyser på bakken
    det er gullmyntar
    som hausten har
    strøydd ut
    Kva skjer når eit barn følgjer ein kviskrande sti inn i skogen den grøne? Korleis kan ei

  • Ruth Lillegraven nominert til Brageprisen for barneboka "Eg er eg er eg er"

    Ruth Lillegraven nominert til Brageprisen for barneboka "Eg er eg er eg er"

    Ruth Lillegraven er nominert til Brageprisen for barneboka "Eg er eg er eg er". 
    Eg er eg er eg er skildrar korleis det er å vere ung og levande. Dikta og kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter, og lesaren får vere med på den berg- og dalbanen livet kan vere når ein er ung.
    Samlinga er illustrert av Mari Kanstad Johnsen.
    Ruth Lillegraven har leita i eigen barndom i arbei