Skip to main content

NM i skiskyting del 2, 28.-31 mars 2019

Pressemelding   •   feb 25, 2019 10:00 CET

Ål Skiskyttarlag arrangerer NM for senior, del 2, på Liatoppen Skisenter 28. - 31. mars 2019. Konkurranseprogrammet under NM er normalprogram fredag, jaktstart laurdag og kretsstafettar sundag. Det er også Norgescupfinale for junior/ungdom (17-21 år) laurdag 30. mars.

For fyrste gong er det todelt NM. Del 1 (sprint og fellesstart)vart avvikla på Liatoppen 5. og 6. januar med direkte TV-overføring på NRK 1. Det blir ikkje direkteoverføring frå del 2, men NRKlagar innslag frå konkurransane og reportasjar frå NM-bygda.

For at presse/media skal få gode arbeidsvilkår på Liatoppen under NM, treng me oversikt over medieoppslutninga innan 15. mars 2019.

Akkreditering/tilbakemelding til th-gunhi@online.no

Informasjon om NM på www.nm2019.no og www.liatoppen.com

Nokre dagar etter NM (5. - 7. april) arrangerer Ål Skiskyttarlag Bendit Liatoppen Skiskyttarfestival for 33 gong. Det er verdas største skiskyttararrangement med 1100 skiskyttarar i alderen 8-16 år.

Velkommen til to vekers skiskyttarfest på Liatoppen

Mvh

Torbjørn Gunhildgard
Presse/medieansvarleg i NM-komiteten
Tlf.: 91 55 14 32
E-post: th-gunhi@online.no




Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.