Gå videre til innhold
Når Bienes historie blir til teater er det i samarbeid med Den Norske Opera og Ballett og med musikk av Nils Bech. Illustrasjon: Handverk / iStock Photo.
Når Bienes historie blir til teater er det i samarbeid med Den Norske Opera og Ballett og med musikk av Nils Bech. Illustrasjon: Handverk / iStock Photo.

Nyhet -

Bienes historie blir teater

Maja Lundes bestseljar-roman om bienes ublide lagnad blir teater i samarbeid med Den Norske Opera og Ballett.

Hausten 2020 blir det urpremiere på Bienes historie som musikal på Det Norske Teatrets Hovudscene. Bak musikken står Nils Bech og på scenen vil skodespelarar frå Det Norske Teatret stå i lag med dansarar frå Den Norske Opera og Ballett. Cina Espejord vil stå ansvarleg for koreografien medan teatersjef Erik Ulfsby vil stå for regi. Det er første gongen Det Norske Teatret og Den Norske Opera og Ballett samarbeider: - Dette er ein moglegheit vi lenge har venta på, seier Ulfsby om samarbeidet. Han er også godt nøgd med at teateret har skaffa seg rettene til å lage teater av boka for første gong. Også Hollywood har kasta sin elsk på Lundes roman, som i tillegg til å vere selt til over 40 land, skal bli TV-serie.


Ei forteljing om klimakrisas konsekvensar
Bienes historie skildrar menneskas første spede forsøk på å halde bier, via dagens industrielle landbruk og til ei framtid kor biene er daude. I botn ligg tre historier om relasjonar mellom foreldre og barn, og om menneskas sårbarheit.

Les meir om Bienes historie på Det Norske Teatrets nettsider.

Emner

Kategorier

Kontakter