Gå videre til innhold

Kategorier: teater

  • Dragonblood: Kaotisk sjangermiks på Scene 3

    Only Slimes Dragonblood tangerer dei fleste i å blande sjangrar. Resultatet er det dei sjølve kallar ein "fantasy-opera". - Ei på alle måtar ekstrem oppleving. Publikum er med dette åtvara.

    Julie The Dragon Slayer (Julie Moe Sandø). Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.
  • Kronprinsesse Mette-Marit kjem til Fossefestivalen DIFF

    Fossefestivalen DIFF 2025 har trekt eit rekordhøgt antal publikum. Opningshelga var full med Fosse-premierar, samtalar og gjestespel. Men det er fleire høgdepunkt i vente. DIFFs høge beskyttar, H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit er venta til festivalen i morgon, onsdag, for å oververe lesesirkelen som tar for seg romanen Naustet av jon Fosse.

  • Premiere på Vinter og Skodespelet under Fossefestivalen

    I morgon sparkar Fossefestivalen i gang med lansering av Vaim, den nye romanen til Jon Fosse. Deretter blir det premiere på Vinter i ei nytolking av det belgiske stjerneskotet Lisaboa Houbrechts. Laurdag byr vi på urpremiere på Skodespelet, eit heilt nytt stykke frå Fosses hand.

    Carl Martin Eggesbø i Vinter, Marianne Krogh og Kenneth Homstad i Skodespelet. Foto: Kurt van der Elst/Siren Høyland Sæter.
  • DIFF: Slagkraftig Fossefestival

    DIFF - Den internasjonale Fossefestivalen - framstår i si fjerde utgåve både i ny drakt og meir slagkraftig enn nokon gong. Festivalen har fått HKH Kronprinsesse Mette-Marit til høg beskyttar og litteratursensasjonen Édouard Louis som årets æresgjest. Med eit stjernespekka program, knallsterke framsyningar og internasjonale gjestespel vil både kjennarar og dei som møter verka hans for første gang

  • Lagar teater om pride-terroren

    - Eg har kjensla av at det ligg noko her som vi ikkje snakkar om, seier dramatikar og regissør Nina Wester. Det er terroren som roka under Oslo Pride 25. juni i 2022 ho siktar til. Det vi ikkje snakkar om, ønskjer ho no å få fram i lyset og opp på scenen. I 2027 blir det teater, men først er ho ute etter å sanke inn historier og stemmer frå ulike lag av befolkinga.

  • Play Station-teater på Scene 3

    Dei som er fødde på 80- og 90-talet har mest truleg kjennskap til, eller nærer djup kjærleik til, Playstation-spelet Tekken. Det går ut på å slåst med ulike karakterar - og no er spelet utgangspunkt for ei teaterframsyning der publikum sjølve er med på å bestemme kva som skal skje.

  • Sjarmerande og fargerik framsyning for dei minste

    Foajeen ved Scene 2 har blitt til ein iglo - og her bur dei to gode vennene Unni og Gunni. Julie Moe Sandø og Ina Svenningdal gir liv og kjensler til dei to pingvinane, som inviterer publikum med ei leiken og koseleg stund med alle regnbogens fargar.

  • Vigdis Hjorths kritikarroste roman til Det Norske Teatret

    Kritikarane henta fram dei store superlativa da Vigdis Hjorths omdiskuterte og sjølvbiografiske roman hadde premiere på Den Nationale Scene i Bergen i 2018. 3. mai får framsyninga nypremiere på Det Norske Teatret - framleis med Kjersti Elvik i hovudrolla - flankert av eit heilt nytt og knallsterkt ensemble.

  • Haust med store forteljingar

    I dag lanserer teatersjef Kjersti Horn repertoaret for hausten 2025. Store romanforteljingar utgjer pilarane i repertoaret, som femnar frå barneteater til historier frå norsk afro-diaspora.

  • Nordisk råds litteraturpris-nominerte Arne Lygre med nytt skodespel

    Arne Lygre er aktuell med eit nytt skodespel på Hovudscenen. Nok ein gong er det Johannes Holmen Dahl og Nia Damerell som står for regi og scenografi, slik dei gjorde med den overraskande braksuksessen Tid for glede. I Ikkje ein lyd handlar det om å høyre til, og å lande i sitt eige liv.

  • Scene 3 hyllar A4-livet

    Taume P. Dery kjente eit press for å bli noko stort. Noko han ikkje var. Noko han ville bli hugsa for. Dette er utgangspunktet for den ganske speisa framsyninga Psychic. Det er også er den første urpremieren Tani Dibasey og Only Slime produserer på Det Norske Teatret.PSYCHICav Tani Dibasey og Only SlimeURPREMIERE TORSDAG 27. MARS KL. 19.00PÅ SCENE 3Taume P. Dery er ein ganske vanleg fyr, ein inter

  • Kva om KI tek over verda?

    Året er 2029. Verda er på kanten av kollaps. Så tek den kunstige intelligensen Omnitron over, og har ei løysing for å redde kloden. KI-en vil utrydde arten som er årsak til undergangen. Ber vi menneske kollektivt eit ansvar for å ha skapt kaoset? Kan vi i så fall be om nåde og erklære oss uskyldige?

  • Eit møte med Arne Garborg og Kitty Kielland

    To gjestespel gir eit nært innblikk i to tankane til og forholdet mellom store personlegdomar innan norsk kunst og litteratur, nemleg Kitty Kielland og Arne Garborg.

  • Kritikarrost framsyning og forbode musikk på Scene 3

    Da Saykoluhjee hadde premiere i fjor på Salt, skreiv Aftenpostens teatermeldar at "Tani Dibasey viser en ny vei for norsk teater" og trilla 6 på terningen. No blir framsyninga å sjå på Det Norske Teatret. Det blir også artisten Ramy Essam, som er svært omstridt i heimlandet Egypt.

  • Jonas Benyoub teaterdebuterer i Da vi var yngre

    Berre 19 år gamal entra Oliver Lovrenski den litterære scenen med romanen Da vi var yngre. No blir boka teater, og med det debuterer også Aksel Hennie som teaterregissør. Hovudrolla som Ivor blir spelt av rappar Jonas Benyoub, som også erobrar teaterscenen for første gong. DA VI VAR YNGREav Oliver LovrenskiURPREMIERE FREDAG 28. FEBRUAR KL. 19.30SCENE 2
    - Vi må elske desse kidsa. Trass i dei asp

  • Scene 3 tar tempen på Noreg

    Gjengen på Scene 3 er aktuelle med ytterlegare to framsyningar. DIAMOND. PLANET tar for seg korleis vi ignorerer verdsproblem som ikkje vedkjem oss direkte. SAYKOLUHJEE stiller spørsmål ved om vestleg psykisk helsevern tek inn over seg kulturforskjellar, eller berre er tilpassa den øvre, kvite middelklassa.

Vis mer