Gå videre til innhold
Peiman Azizpour, Emil Rodrigo Jørgensen, Mimmi Tamba, Catharina Vu og Kidane Gjølme Dalva. Foto: Ylva Catodotter Fyllingsnes.
Peiman Azizpour, Emil Rodrigo Jørgensen, Mimmi Tamba, Catharina Vu og Kidane Gjølme Dalva. Foto: Ylva Catodotter Fyllingsnes.

Pressemelding -

Andre kullet ved Det Multinorske med avgangsframsyningar

Det er tre år sidan andre kullet ved teaterutdanninga Det Multinorske tok til på bachelorutdanninga si. I haust var dei del av ensemblet i teaterframsyningar ved huset - no er dei klare for å vise sine eigne sluttprodukt.

NATTEDOGG
av Noah Haidle
NOREGSPREMIERE 25. MAI
Med: 
Peiman Azizpour, Emil Rodrigo Jørgensen, Mimmi Tamba, Catharina Vu og Kidane Gjølme Dalva. F

&
FISKAR, SØV DEI?
av Jens Rasche
NOREGSPREMIERE 26. MAI
Med: Amina Sewali

PÅ SCENE 3

Nattedogg tek for seg forholdet mellom barn og foreldrar, og korleis dette vil prege barna i deira vaksne liv og komande familieliv. Vi møter ein familie på 50-talet og 70 år seinare. Dette er ei framsyning full av mystikk, absurditet og humor. To spørsmål følgjer generasjonane; Korleis skal ein leve i ein familie? Vil ein far gjere dei same feila som sin far og far hans?

Les meir om Nattedogg på våre nettsider.

Fiskar, søv dei? er eit stykke for barn om dei små, store og siste spørsmåla i livet. Det handlar om å miste eit søsken, om å vere eit barn som lever med både sin eigen og foreldra sin sorg. Hovudpersonen Jette fabulerer i leik og alvor, og har heldigvis massevis av barnleg klokskap.

Les meir om Fiskar, søv dei? på våre nettsider.

SIGNALPROSJEKT

Det Multinorske er eit initiativ frå Det Norske Teatret for å byggje eit ensemble som speglar det moderne Noreg. Saman med Nord Universitet oppretta Det Norske Teatret i 2012 ei treårig utdanning for skodespelarar med bakgrunn utanfor Europa. Dette er det andre kullet som blir uteksaminert.

Utdanninga er ei fullverdig utdanning på lik line med dei andre statlege teaterhøgskolane i Noreg og Norden og leier til ein bachelorgrad i skodespelarfaget. Studentane vil har status som studentar ved Nord Universitet. Dei som fullfører studiet får tilbod om ein praksisperiode ved Det Norske Teatret.

Les meir om Det Multinorske

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Relatert innhold

  • Publikum strøyma inn på framsyninga Blokk til blokk for eit år sidan under opninga av Rommen Scene som satelittscene for Det Norske Teatret. Foto: Michael Ray Vera Cruz Angeles.

    Kulturministeren til Rommen Scene

    Måndag kjem kulturminister Abid Q. Raja på besøk til Det Norske Teatrets satelittscene på Rommen for å høyre om teaterets arbeid med å spegle det nye Noreg både på scenen og i salen, og kor vegen går vidare.
    I år er det 8 år sidan Det Norske Teatret starta teaterutdanninga Det Multinorske for skodespelarspirer med familiebakgrunn utanfor Europa. 10 skodespelarar har sidan funne vegen til norsk