Gå videre til innhold
Sara Khorami spelar tittelrolla i klassikaren Antigone.
Sara Khorami spelar tittelrolla i klassikaren Antigone.

Pressemelding -

Antigone - om å gjere det som er riktig

Eit strengt patriarkalsk samfunn blir utfordra av ei ung kvinne. Ho bryt med fellesskapets normer, er blitt freista til sivil ulydigheit og har sett seg opp mot retningslinjene. Brotsverket hennar er at ho har tatt parti for den svake parten utan å ta omsyn til om eit slikt engasjement styrkar eller svekker posisjonen hennar. Vil motet og styrken vere det som til slutt feller henne?

ANTIGONE
PREMIERE 24. FEBRUAR KL. 18.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Eit strengt patriarkalsk samfunn blir utfordra av ei ung kvinne. Ho bryt med fellesskapets normer, er blitt freista til sivil ulydigheit og har sett seg opp mot retningslinjene. Brotsverket hennar er at ho har tatt parti for den svake parten utan å ta omsyn til om eit slikt engasjement styrkar eller svekker posisjonen hennar. Vil motet og styrken vere det som til slutt feller henne?

Slitestyrken i dei gamle klassiske greske drama blir sjeldan meir tydeleg enn i Sofokles’ Antigone der dilemmaet til forveksling liknar maktkampen som går føre seg i det moderne politiske spelet.

Sjølv om det er langt frå Løvebakken til Theben, er dei moralske og filosofiske tema dei same.

Korleis skal den nye makthavaren reagere og kva for dom vil folket felle over handlingane hennar trass i at ho bryt loven?

Antigone trassar Kreon (Jon Bleiklie Devik) den nye kongen, som både er onkelen hennar og snart den nye svigerfaren. Brørne hennar har drepe kvarandre i strid om herredømmet over byen Theben. Den eine broren får ei verdig gravferd. Den andre – han som gjekk til åtak på byen og broren – skal etter Kreons påbod ligge igjen på slagmarka til spott og spe. Antigone var like glad i begge brørne og grip inn for å leggje også den utstøytte broren i grava. Kva for reaksjon skal kongen gi?

Kreons dilemma

Kreons dilemma er sentralt i Johannes Holmen Dahls oppsetjing av den gamle greske klassikaren på Hovudscenen. Skal han følgje lova og straffe den kommande svigerdottera? Vil folket be om likskap for lova, eller har han høve til å vise omsyn til brordottera trass i at Antigone har handla i strid med gjeldande lovar? Han er ny på trona, bør han vise handlekraft eller skal han tore å setje seg opp mot gudane? Kor langt skal han gå for å tene samfunnet? Han vel å vere hard, dømmer Antigone til døden og får gudanes vreide mot seg. Tragedien blir berre enda større.


Sara Khorami finn inspirasjon til rolla i eiga familiehistorie

Antigone, spelt av Sara Khorami, blir i denne versjonen eit moderne møte med ein skakande tekst. Sjølv synest ho rolla minner om mora og faren som måtte ta modige val da dei flykta frå heimlandet Iran.

- Antigone er ei viljesterk og frittalande ung kvinne som følgjer hjartet sitt for noko som er større enn seg sjølv. Det er ei gåve å kunne uttrykke seg fritt, utan å måtte få ein dom over seg, seier Sara Khorami om rolla som har fått ho til å reflektere over eige liv.

Sara Khorami spelar tittelrolla i klassikaren Antigone. 

I foreldras heimland ville ho ha blitt fengsla og torturert for å leve som ho gjer i Noreg. Antigone er modig, men det finnest mange slike som henne både gjennom historia og i dag. Å utføre handlingar i tråd med eigen overtyding, trass i at dei strir mot lova eller retningslinjene, er framleis tema som stadig blir diskutert og skaper temperatur i det offentlege ordskiftet. 

Les intervju med Sara Khorami

Johannes Holmen Dahl understrekar det tidlause i sin versjon av Antigone. Han ønskjer å framheve dei uløyselege dilemma, dei store livsspørsmåla og dei eksistensielle erfaringane knytt til teksten. Saman med scenograf Nia Damerell har han skapt eit stort rom kring menneska og teksten. Dei har fjerna skiljet mellom sal og scene i håp om at publikum vil erfare fellesskapet med karakterane i rommet. I tragedien er menneska underlagt evige makter, det er noko som finn gjenklang i menneska i dag.

Les intervju med scenograf Nia Damerell og regissør Johannes Holmen Dal

Om Sofokles

Sofokles er ein av antikkens tre store dramatikarar. Av hans stykke er sju bevart for ettertida og blant desse er tragedien om Ødipus og Antigone dei mest kjente. Påverknaden frå Sofokles på ettertida har vore umåteleg stor. Lagnaden til Ødipus fengsla mange og Ødipuskomplekset blei den viktigaste teorien i moderne psykologi. Han påverka dessutan teateret og dramaets utvikling. Som den første innførte han ein tredje skodespelar og redusererte såleis korets delaktigheit i stykkets handling.

Les meir om Antigone

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Relatert innhold

  • Sara Khorami spelar tittelrolla i klassikaren Antigone.

    Antigone minner meg om mamma og pappa

    Sara Khorami kjenner kvar dag på at ho er heldig for at ho er fødd i eit land der ein har lov til å uttrykke seg som ein vil.

  • Dei store kreftene

    Dei store kreftene

    Johannes Holmen Dahl og Nia Damerell er aktuelle med ein nedtona og tidlaus versjon av Antigone på Hovudscenen med premiere i mars. Der tar dei i bruk heile det ruvande scenerommet for å la teksten i Halldis Moren Vesaas’ prisløna omsetjing møte publikum utan påfunn og pynt.