Gå videre til innhold
Paul-Ottar Haga speler bjørnungen som tør å stille spørsmål til korleis "dei påstripte" på den andre sida av gjerdet blir behandla. Foto: Ylva Catodotter Fyllingsnes.
Paul-Ottar Haga speler bjørnungen som tør å stille spørsmål til korleis "dei påstripte" på den andre sida av gjerdet blir behandla. Foto: Ylva Catodotter Fyllingsnes.

Pressemelding -

Barneteater om dyrehagen som låg ved ein konsentrasjonsleir

Går det an å lage teater for barn med ein konsentrasjonsleir som bakteppe?

KVA NASHORNET SÅG
NOREGSPREMIERE 15. FEBRUAR KL. 18.00
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

- Den som er hardhuda no, har ei framtid i zoo!, ropar bavianen i stykket som snart har noregspremiere på Scene 3. Framsyninga er ein fabel om korleis ulike dyr i ein dyrehage reagerer på det dei ser på den andre sida av gjerdet. Der ligg det ein konsentrasjonsleir, og dyra forsøker etter beste evne å leve med det dei ser. Nokre ser vekk, nokre later som dei ikkje forstår nokon ting, nokre blir sinte, andre redde. Men ingen gjer noko. Ikkje før bjørnungen kjem.

Illustrasjon: Stian Hole

Bjørnungen stiller ubehagelege spørsmål til dei andre dyra. Men dei klarer ikkje å forklare kvifor menneska på den andre sida av gjerdet blir gjort om til aske i dei store omnane som spyr ut kvalmande røyk over heile området. Dei likar ikkje at han øydelegg den skjøre idyllen. Til slutt utfører bjørnen ei modig og drastisk handling.

Barneteater

Framsyninga har ein vaksen tematikk, men blir formidla med innsikt og varme i eit språk og eit uttrykk som er tilpassa barn frå 11 år. Barnebokillustratøren Stian Hole er med på å bildelegge scenen, og skodespelarane spelar dyr, mest som om dei var barn. Dette er absolutt barneteater, sjølv om det tek opp vanskelege tema. 

Illustrasjon: Stian Hole

Dyrehage frå verkelegheita

Det høyrest absurd ut, men det låg faktisk ein dyrehage attmed konsentrasjonsleiren i Buchenwald. Her møtte 56.000 menneske døden som følge av avrettingar, sult, overanstrengingar eller medisinske eksperiment. Dyrehagen låg vegg i vegg, og var eit populært helgetilbod for familiane i nærområdet. Korleis kunne dei kose seg og sjå på søte dyr medan vaksne og barn døydde på andre sida av gjerdet? 

Bjørnar i dyrehagen i Buchenwald. Foto: Foto, Sammlung Stiftung Gedenkstätten Buchenwald und Mittelbau-Dora.

Vanskeleg tema

Dramatikaren Jens Rasche mottok i 2014 den tyske barneteaterprisen for Kva nashornet såg. Stykket kan gi eit godt utgangspunkt for å snakke med barn om vanskelege tema som korleis vi i dag kikkar over det europeiske gjerdet og får innblikk i dei fælaste lagnader verda over. Kjennskap til historia er også viktig for å forhindre at delar av historia ein ikkje ønskjer skal skje igjen, skal kunne skje igjen. Gjennom dyras blikk gir han innsikt i korleis vi menneske kan tenkje, og han har ein tydeleg bodskap: Urett skal ikkje tolererast, sjølv om den ikkje rammer deg.

Les meir om Kva nashornet såg.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge