Gå videre til innhold
Julie Moe Sandø som Katerina Lovna - Lady Macbeth. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard.
Julie Moe Sandø som Katerina Lovna - Lady Macbeth. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard.

Pressemelding -

Begjær verd å drepe for

Undertrykte kjensler skal ein ikkje oversjå. Når begjæret blir vekt hos Katarina Lvovna, er både heftig elskov og pengar verd å drepe for.

Lady Macbeth
av Nikolaj Leskov
Premiere laurdag 18. januar kl. 18.00
Hovudscenen

Premieresamtale med regissør Melanie Mederlind, teatersjef Kjersti Horn og dramaturg Ingrid Weme Nilsen kl. 17.00.


Det er den vesle historia Lady Macbeth frå Mtensk frå 1865 som får æra av å opne teatersjef Kjersti Horns periode ved Det Norske Teatret. Forteljinga drar lesaren inn i eit varmblodig drama fullt av sex og lidenskap og uventa vendingar. Sympatien vekslar gjennom heile forteljinga. Kven er det mest synd på? Den unge ladya Katerina Lvovna frå fattige kår som blir stengd inne på ein herregard i eit kjærleikslaust og kjeisamt ekteskap med ein eldre mann? Den unge mannen som vekker begjæret hennar, og ikkje anar at samstundes vaknar ein drapsmonster? Ektemannen, som blir bedratt? Eller den vesle guten, som må av vegen fordi han trugar dei økonomiske framtidsutsiktene?


Mørkt begjær


På Hovudscenen er det Julie Moe Sandø som har rolla som den sørgelege Katerina Lvovna. Ho lever i luksus og storslåtte omgivnader, men som korsettet ho ber rundt midja, er rammene rundt kvardagen hennar kvelande stramme. Så når gardsguten Sergej (Leo Magnus de la Nuez) viser at han ser henne som kvinne, blir dyriske krefter slepte laus. Og med begjæret kan også mørkare drifter følge med, og dette blir skjebnesvangert for dei to.

Forfattaranes forfattar

Leskovs perle av ei forteljing hentar inspirasjon til hovudkarakteren frå William Shakespeares Macbeth frå 1600-talet, og blei først publisert i Fjodor Dostojevskij sitt litteraturtidsskrift. Leskov nådde aldri den statusen som Dostojevskij hadde og framleis har, likevel er han i litteraturkretsar omtalt som ein slags "forfattaranes forfattar". Den fortetta kortromanen har vore inspirasjonskjelde til både opera, ballett og heile fire filmatiseringar. Den siste vart skriven av den britiske dramatikaren Alice Birch og hadde premiere i 2016. Les meir i artikkelen om Lady Macbeth av sjefdramaturg Ingrid Weme Nilsen.

Vil avsløre fordommane våre

- Eg interesserer meg for karakterar som kjempar for si eiga overleving, med kostnaden det fører med seg, når offeret blir forbrytar, når personen mistar sympatien vår, seier regissør Melanie Mederlind.
Les heile saken her.

Når den svenske regissøren Melanie Mederlind no lagar teater av forteljinga, legg ho ikkje skjul på at ho er inspirert både av Shakespeare og Birch, i tillegg til Leskov. Men Mederlind har pløgd seg sin eigen veg gjennom teksten, og laga ei drivande spennande framsyning om klasse, kjønn, makt - og rasisme.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Lady Macbeth
    Lady Macbeth
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    1920 x 1280, 487 KB
    Last ned
  • Regissør Melanie Mederlind.jpg
    Regissør Melanie Mederlind.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3723 x 2704, 1.26 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Jens Sethzman
    Størrelse:
    3651 x 5477, 18.1 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Jens Sethzman
    Størrelse:
    3633 x 5450, 10.9 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Jens Sethzman
    Størrelse:
    5875 x 3917, 15.2 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Jens Sethzman
    Størrelse:
    3299 x 4949, 13.4 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Jens Sethzman
    Størrelse:
    4108 x 6162, 15.6 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Jens Sethzman
    Størrelse:
    7454 x 4193, 21 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Jens Sethzman
    Størrelse:
    6168 x 3470, 12.4 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Jens Sethzman
    Størrelse:
    8487 x 4774, 27.7 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Jens Sethzman
    Størrelse:
    8711 x 4900, 34.1 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Jens Sethzman
    Størrelse:
    4000 x 6000, 15.5 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Jens Sethzman
    Størrelse:
    3417 x 6075, 15.6 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Framsyningsfoto, Lady Macbeth
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Jens Sethzman
    Størrelse:
    3330 x 4995, 9.35 MB
    Last ned
  • Det Norske Teateret - Lady Macbeth uttrykk
    Det Norske Teateret - Lady Macbeth uttrykk
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    8256 x 5504, 13.9 MB
    Last ned