Gå videre til innhold
Gjertrud Jynge som den tause skodespelarinna Elisabeth, Kjersti Dalseide som sjukepleiaren Alma. Foto: Dag Jenssen.
Gjertrud Jynge som den tause skodespelarinna Elisabeth, Kjersti Dalseide som sjukepleiaren Alma. Foto: Dag Jenssen.

Pressemelding -

Bergmans Persona i klaustrofobisk sceneversjon

Gjertrud Jynge i rolla som den sjølvvalde tause skodespelarinna og Kjersti Dalseide som sjukepleiaren er plasserte i ein smal, kvit boks når Ingmar Bergmans meisterverk Persona blir teater.

PERSONA
av Ingmar Bergman
PREMIERE TORSDAG 10. SEPTEMBER KL. 20.30
SCENE 3

Den kjente skodespelaren Elisabeth Vogler har inntatt ei ny og uventa rolle; Ho har slutta å snakke. Alma, ein ung sjukepleiar, har fått i oppgåve å ta seg av henne. Dei to kvinnene er isolerte i eit sommarhus ved sjøen, i denne teaterversjonen ein klaustrofobisk, kvit boks. Alma gjer alt ho kan for å få Elisabeth til å snakke, men endar i staden opp med å kjenne seg utnytta og avkledd.

Filmklassikar

Ingmar Bergmans film Persona frå 1966 er eit skakande og sjølvransakande meisterverk. Her er det kunstnaren si rolle, og kanskje kunstnaren sitt sjølvbedrag, som blir undersøkt. Er Persona eit svar på regissørens skepsis til sin eigen bransje? Avkler Bergman kunstnaren som bruker og misbruker omgjevnadene sine for å vere skapande, eller syner han utnyttinga av medmennesket i kunstens teneste?

Scenisk minimalisme

Johannes Holmen Dahl har regi og visuell konsulent er Nia Damerell. Deira varemerke er å lage stringente framsyningar der skodespelaren, teksten og rommet er i fokus. Gjertrud Jynge er for tida Heddaprisnominert til beste kvinnelege hovudrolle for rolla i Trilogien, der ho også ber mykje av den tekstlege tyngda i framsyninga. Denne gongen har ho berre ein replikk. 

Les meir om Persona på nettsidene våre.

Utøvande kunstnarar er fritekne frå avstandskravet på 1 meter når dei gjennomfører kulturaktivitetar i regi av ein profesjonell aktør, jf paragraf 13 i Forskrift om smitteverntiltak.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Framsyningsfoto: Persona
    Framsyningsfoto: Persona
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6048 x 4024, 10.1 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto: Persona
    Framsyningsfoto: Persona
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4024 x 6048, 10.4 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto: Persona
    Framsyningsfoto: Persona
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4024 x 6048, 11.2 MB
    Last ned
  • Johannes Holmen Dahl og Nia Damerell
    Johannes Holmen Dahl og Nia Damerell
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    5897 x 3937, 10.1 MB
    Last ned