Gå videre til innhold
10 skodespelarar, 7 dansarar og 26 barn fordelte på 2 lag står saman på scenen i Bienes historie. Foto: Erik Berg.
10 skodespelarar, 7 dansarar og 26 barn fordelte på 2 lag står saman på scenen i Bienes historie. Foto: Erik Berg.

Pressemelding -

Bienes historie - tilgjengeleg for alle

Det Norske Teatret i samarbeid med Nasjonalballetten gjer eit kjempeløft når Bienes historie blir musikal på Hovudscenen 11. september. Over 70 personar er i sving på og bak scenen, og for første gong inviterer Det Norske Teatret til den mest tilgjengelege urpremieren i norsk teaterhistorie. På premieredatoen er fem kamera del av regien når Bienes historie også blir strøyma i Noreg, Sverige og Danmark.

Les meir om strøyming av Bienes historie .

BIENES HISTORIE
etter Maja Lundes roman.
Dramatisert av Ingrid Weme Nilsen, songtekstar av Ola E. Bø og med musikk av Nils Bech
I samarbeid med Nasjonalballetten

URPREMIERE OG STRØYMEPREMIERE
FREDAG 11. SEPTEMBER KL. 20.00
PÅ HOVUDSCENEN
OG PÅ NETT DER DU ER i Noreg, Danmark eller Sverige

STRØYMINGA STARTAR KL. 19.00
med samtale med Maja Lunde

At liten tue veltar stort lass er tema i Maja Lundes internasjonale bestseljar-roman. Dette fekk produksjonen smerteleg erfare gjennom førebuingane til haustens store musikalsatsing. Vi menneske påverkar den sårbare naturen, men er like sårbare overfor følgane av korleis vi behandlar den. 

Direkte-strøyming

Som konsekvens av omstenda strøymer Det Norske Teatret premieren og fire andre framsyningar i haust. - Det blir ein femkameraproduksjon der publikum vil kunne oppleve noko av kjensla frå teatersalen - heime i si eiga stove, seier teatersjef og regissør Erik Ulfsby. Det er første gongen ei teaterframsyning som ikkje er produsert for kamera blir direkteoverført på denne måten i Noreg, og det gir moglegheiter for å sjå framsyninga sjølv om du bur langt unna hovudstaden. På premieredagen vil publikum også få med seg ein samtale med forfattaren Maja Lunde før framsyninga tek til. 

Roman som musikal

Maja Lundes prisvinnande roman tok verda med storm da den kom ut i 2015, er selt til over 50 land og er omsett til 36 ulike språk. Når boka no blir musikal, er det i Ingrid Weme Nilsens dramatisering og med songtekstar av Ola E. Bø. Musikken er ved Nils Bech, orkesteret blir leia av Svenn Erik Kristoffersen. Cina Espejord frå Den Norske Opera & Ballett har koreografien, og teatersjef Erik Ulfsby står for regien.

Menneska og naturens sårbarheit

I Bienes historie følger vi tre parallelle historier som alle er tett knytte til bienes liv. Biologen William (Morten Svartveit) lever på 1800-talet og set seg føre å lage ein heilt ny type bikube. Birøktaren George (Pål Christian Eggen) lever i USA på 2000-talet og opplever den store og uforklarlege biedøden. Tao (Mona Huang) arbeidar som frukttre-pollinerar under slaveliknande forhold i Kina i år 2098. Når sonen plutseleg blir tatt ifrå henne, dreg ho ut på ei farefull reise for å finne ut kva som har hendt han.

Les meir om framsyninga Bienes historie .

Utøvande kunstnarar er fritekne frå avstandskravet på 1 meter når dei gjennomfører kulturaktivitetar i regi av ein profesjonell aktør, jf paragraf 13 a i Forskrift om smitteverntiltak.

Emner

Tags



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Pressekontakt

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert materiale

Relaterte nyheter

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge