Gå videre til innhold
Bjarte Tjøstheim debuterer som dramatikar og på teaterscenen. For regien står Thomas Giertsen. Foto: Siren Høyland Sæter.
Bjarte Tjøstheim debuterer som dramatikar og på teaterscenen. For regien står Thomas Giertsen. Foto: Siren Høyland Sæter.

Pressemelding -

Bjarte Tjøstheim debuterer med personleg soloframsyning

Bjarte Tjøstheim tek hevn på angsten sin ved å tvinge seg sjølv ut på scenen for å fortelje om den i ei ærleg og personleg framsyning sitt eige liv. For det går betre no. – Eller gjer det eigentleg det?

DET GÅR BETRE NO
av og med Bjarte Tjøstheim
URPREMIERE FREDAG 21. SEPTEMBER KL. 19.30
SCENE 2

Alle opplever kjipe ting i livet, men Bjarte Tjøstheim går konstant rundt og fryktar at nettopp det som ikkje bør skje - skal skje. Og den som går med frykta, får som regel bekrefta at det er god grunn til bekymring. Som for eksempel da han fekk konstatert lungekreft – og hadde det i 24 timar – før det viste seg at det var ein annan sitt røntgenbilde.

Korleis kan ein leve av å vere komikar og utlevere seg sjølv - når ein inst inne er engsteleg av natur? I Bjarte Tjøstheims liv er sjølv dei mest kvardagslege tinga - som å gå i butikken - vanskelege. Han gruer seg kvar gong han skal gå ut av huset, og kjem garantert til å grue seg til kvar einaste framsyning.

TEATERDEBUT

Radioprogramleiaren, komikaren og skodespelaren Bjarte Tjøstheim teaterdebuterer med ei personleg og sjølvironisk framsyning om å leve med frykt for det aller meste. Den største frykta er likevel å bli galen og at psykiateren skal seie han er klin kokos. Men da han først blei innlagt, viste det seg at psykiatrisk avdeling var den tryggaste staden å vere.

HUMOR-TEAM BAK

Bjarte Tjøstheim er kjend for dei fleste gjennom P3-programmet Radioresepsjonen, der han i ei årrekke har vore i trekløver med brørne Sagen. Den yngre generasjonen kjenner han som faren i julekalenderen Julekongen. Han har også vore med i ein heil del andre radio- og TV-program, mellom andre Underholdningsavdelingen og TV-serien Presten på NRK. I 2014 vann han publikumsprisen som Årets morsomste under Komiprisen. Med Det går betre no debuterer han både på teaterscenen og som dramatikar. Bak han står ein annan moromann: Thomas Giertsen har lang erfaring både som skodespelar og standupkomikar på skjerm og scene, i tillegg til at han har regissert ei rad med sceneframsyningar og TV-program. Men det er første gong han er på Det Norske Teatret.

Les meir om Det går betre no på Det Norske Teatrets nettsider.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge