Pressemelding -
Campingbilteater rullar inn på Scene 3
Med enkle, verknadsfulle effektar, rekvisittar og humor som passar både liten og stor, formidlar Campingkompaniet folkeeventyr i ny, fargerik drakt. Denne gongen skal Oskeladden (kalla Esther Oskeladd) og brørne ut i verda for å vinne prinsessa som ingen kan målbinde.
PRINSESSA SOM INGEN KUNNE MÅLBINDE
basert på eventyret til Asbjørnsen og Moe
Ide, konsept og manus: Campingkompaniet
URPREMIERE LAURDAG 31. AUGUST KL. 14.00
SCENE 3
Campingkompaniet spelar joviale og oppdaterte forteljarteater-versjonar av gamle folkeeventyr for barn (og vaksne!) frå 4 år. Lisa Birkenes Thun og Sofia Knudsen Estifanos har køyrt land og strand rundt i den fargesprakande bilen sin sidan 2017 og spelt teater. For det meste utandørs. Men no rullar dei inn på Scene 3, der publikum kan oppleve eventyret innandørs - men framleis fortald i, på, rundt og frå ein campingbil. Med seg har dei ei kiste full av gøy og fjas, eit lass av såpeboblar, nokre veldig stilige (og heilt miljøvennlege) konfettikanonar og eventyret om Prinsessa som ingen kunne målbinde.
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.