Gå videre til innhold
Karl-Vidar Lende, Ellen Birgitte Winther og Hilde Olausson som gamle kjerringer på ein noko annleis roadtrip. Foto: Magnus Skrede.
Karl-Vidar Lende, Ellen Birgitte Winther og Hilde Olausson som gamle kjerringer på ein noko annleis roadtrip. Foto: Magnus Skrede.

Pressemelding -

Charlotte Frogner debuterer som teaterregissør

Med Marjas jord - ei absurd komedie med alvorlege undertonar – debuterer Det Norske Teatrets skodespelar Charlotte Frogner som teaterregissør på Scene 3.

MARJAS JORD
av Oleg Bogajev
NOREGSPREMIERE TORSDAG 3. FEBRUAR KL. 20.30 
PÅ SCENE 3

I 2009 blei Frogner heidra med prisen for årets gjennombrot under utdelinga av Komiprisen for rolla som ei slags gamal utgåve av seg sjølv i framsyninga Evig ung. Denne gongen har ho instruert tre av sine skodespelarkollegaer i kunsten å vere gamal dame – i ei absurd, russisk samtidskomedie om tre gamlingar som trur at mennene deira vender levande tilbake frå krigen.

Komisk tristesse

Marja, den eine av damene, ligg på det siste, og venninnene Serafima og Praskovja har funne fram ei kiste dei lurer på om ho er i form til å legge seg ned i sjølv. Serafima hadde eigentleg kjøpt kista til si eiga begraving, men no trengte Marja den, så da fekk den bli hennar. Kisteloket har ho vore nøydd om å fyre med, så da tek dei to handlekraftige damene dodøra, den høver nesten like bra til lok.

Så døyr Marja – men dagen etter er ho tilbake i livet. Ikkje berre det – men ho har fått eit syn. I løpet av natta var mannen hennar på besøk, og han fortalde at alle mennene skulle vende tilbake frå krigen, lys levande! Med dette startar ein snodig roadtrip med tre utgamle russiske damer og ei ku. Og på vegen møter dei både Hitler og Stalin. 

LES MEIR: – Arbeidet med dette materialet har jo vore spesielt med den eskalerande konflikten i Ukraina som bakteppe. Denne forteljinga slår meg som dessverre altfor aktuell, seier Charlotte Frogner.

Eit nasjonalt traume

Dramatikaren Oleg Bogajev sa alt i 2016, da har skreiv eit bidrag til den nattelange teaterframsyninga Andre verdskrigen – natt i verda, at vi stod på randen av ein ny verdskrig. I Russland er nok kjensla av dette enno sterkare enn her i Noreg. Likevel er det eit alvor også vi kjenner på her heime. Bogajev meiner vidare at det berre er ein ting russarar kan vere stolte av frå det førre århundret, og det er sigeren over Hitler. Men den kosta. Nesten kvar einaste familie i Russland mista ein far, ein bror eller ein son. Hans eigen familie er ikkje noko unntak. Men sjølv om hans eigen familie og heile nasjonen ber på dette traumet, ser han ikkje krigen berre som tragisk – den er også komisk.

Marjas jord er ei absurd og brutal påminning om krigens offer og følger, i ei tid da krigen nok ein gong kastar trugande skuggar over Europa.   

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge