Gå videre til innhold
Ingunn B. Øyen, Ane Dahl Torp, Marie Blokhus, Eivin Nilsen Salthe, Kyrre Hellum og Christian Ruud Kallum i Lehmantrilogien, som hausta strålande kritikkar da den hadde premiere i august. Foto: Erika Hebbert.
Ingunn B. Øyen, Ane Dahl Torp, Marie Blokhus, Eivin Nilsen Salthe, Kyrre Hellum og Christian Ruud Kallum i Lehmantrilogien, som hausta strålande kritikkar da den hadde premiere i august. Foto: Erika Hebbert.

Pressemelding -

Det Norske Teatret opnar opp for 200 publikum frå laurdag

- Vi er glade for at fleire skal kunne få glede av framsyningane våre igjen, seier ein nøgd teatersjef Erik Ulfsby.
Etter dei nye lettingane frå myndigheitene blir det igjen tillate med inntil 200 personar på innandørs arrangement med faste tilviste plassar og 1 meter imellom dei som ikkje er nærskylde.

- Allereie laurdag er det ei stor glede at 150 fleire vil kunne sjå framsyninga Lehmantrilogien, til dømes. Det er ei framsyning som har vore hardt roka av restriksjonar, og som spelar si siste framsyning på laurdag. Også som direktestrøyming. Det blir ei flott avslutning for ei sjeldant sterk framsyning, som ikkje har blitt sett av så mange som elles, seier ein speleklar teatersjef.

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Relatert innhold

  • Christian Ruud Kallum som tredje generasjon Lehman, Bobbie Lehman. Foto: Erika Hebbert.

    Kritikarrost framsyning som direktestrøyming

    "En skuespillerfest" sa Aftenposten om Lehmantrilogien, da framsyninga hadde premiere i august, og både dei og Dagsavisen trilla fem på terningen. Så blei framsyninga brått roka av streik, og deretter av koronarestriksjonar. Difor har Det Norske Teatret no beslutta å direktestrøyme historia om familien som starta bedrifta som blei til storbanken Lehman Brothers.