Gå videre til innhold
Christian Ruud Kallum som tredje generasjon Lehman, Bobbie Lehman. Foto: Erika Hebbert.
Christian Ruud Kallum som tredje generasjon Lehman, Bobbie Lehman. Foto: Erika Hebbert.

Pressemelding -

Kritikarrost framsyning som direktestrøyming

2021 blei ikkje det store teateråret vi hadde håp om. Det Norske Teatret produserte likevel nokre fantastiske framsyningar som diverre har nådd eit altfor lite publikum. Ein av desse er Lehmantrilogien som fekk Noregspremiere i august, til strålande kritikkar, men som både blei råka av streiken i kultursektoren og nye restriksjonar. Vi er derfor utruleg stolte over å kunne tilby Lehmantrilogien i direktestrøyma versjon laurdag 15. januar.

LEHMANTRILOGIEN
av Stefano Massini
LAURDAG 15. JANUAR KL. 16.45
I STOVA DI

Lehmantrilogien handlar om dei tre brørne Lehman som kom til USA midt på 1800-talet og som stein på stein bygde verksemda som ved milleniumsskiftet utgjorde investeringsbanken Lehman Brothers. Framsyninga er både eit familiedrama og ei forteljing om immigrasjon, men også ei historie om det amerikanske samfunnet og vestleg kapitalisme. Vi følgjer oppbygginga frå forretninga i Alabama i 1840-åra til kollapsen på New York børsen i 2008. Det er fascinerande, velspelt og eit drivande godt drama.

Den italienske forfattaren Massini har gjort dette til ei episk forteljing som rommar historia om den amerikanske draumen, om familieband, generasjonskløfter og stormannsgalskap. Eit sterkt ensemble under regi av Maren Bjørseth går inn og ut av forteljarrolla og eit utal karakterer gjennom dei 3,5 timane (inkludert 2 pausar) framsyninga varar. Når lyset går av, har ein vore igjennom 3 generasjonar Lehman, 4 tidsepokar, og banken har gått både på børs og konkurs.

Les meir: – Eg har ikkje investert meir enn eg toler å tape, seier Christian Ruud Kallum om sine ferske økonomiske disposisjonar. I haust skal han portrettere ein langt meir risikovillig finansmann. Interessa for aksjar kom som eit direkte resultat av arbeidet med rolla som Robert «Bobbie» Lehman.

Håpar å nå fleire

- Ved å direktestrøyme Lehmantrilogien håpar vi å nå ut til mange som vil ha glede av å sjå denne sterke teaterframsyninga. Av logistikkmessige omsyn kan diverre ikkje Lehmantrilogien bli vist lenger enn oppsett tid, seier teatersjef Erik Ulfsby. 15. januar er altså siste moglege dato for å få med seg framsyninga, anten i salen eller på ein skjerm.

Skodespelarar



Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge