Gå videre til innhold
Emil Johnsen står nok ein gong på scenen åleine med tekst av Édouard Louis. Foto: Fredrik Arff.
Emil Johnsen står nok ein gong på scenen åleine med tekst av Édouard Louis. Foto: Fredrik Arff.

Pressemelding -

Édouard Louis´ forsvarsskrift for faren blir teater

Edouard Louis´ far er ikkje død enno. Men på mange vis er han det. Helsa er øydelagd, likevel må han jobbe. I Kven drap far min klandrar Louis styresmaktene for å vere mordarar gjennom politikken dei fører.

KVEN DRAP FAR MIN
AV ÉDOUARD LOUIS
NOREGSPREMIERE LAURDAG 16. NOVEMBER KL. 18.30
SCENE 3

I 2015 stod Emil Johnsen på klubbscenen på utestaden Jæger i Oslo og framførte Louis´ debutbok Farvel til Eddy Belleguele om kvifor han forlot den han hadde vore fram til da. Fire år seinare går regissør Kjersti Horn og skodespelar Johnsen laus på den tredje boka av Louis på Det Norske Teatret. Der Farvel til Eddy Belleguele blei skulda for å sparke nedover, mellom anna på faren, er Kven drap far min eit forsvarsskrift for den same faren og eit velretta knytneveslag oppover.

Les meir: For Édouard Louis er all litteratur politisk.

POLITIKKEN ENDRAR ALT FOR DEI SOM HAR LITE
Louis klandrar styresmaktene for å endre politikken slik at dei som før hadde rett på uføretrygd no må jobbe. Han skuldar dei for å ta ifrå han medisiner han sårt treng. Han skuldar dei for å ikkje ville høyre om dei som lever på botnen av samfunnet. Og han ser og forstår harmen dette skapar hos dei det gjeld. Dei som alt har det dei treng, merker lite til dei skiftande politiske vindane. Men for dei som lever frå hand til munn betyr det alt.

GIR STEMME TIL DEI TAUSE
Med Kven drap far min har Édouard Louis skrive forsvarstalen for arbeidarklassen, personifisert gjennom faren. I korte glimt frå oppveksten undersøker Louis skam, kjærleik og identitet. Det er Louis som gir si stemme til mannen som er dømt til ein for tidleg død av eit samfunn og ein politikk som ser på botnlinja, men ikkje menneska som lever der.

Les meir: - Eg likar ikkje å bli for teoretisk i førebuingane, det drep kreativiteten, seier regissør Kjersti Horn.

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Uttrykk Kven drap far min
    Uttrykk Kven drap far min
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2000 x 3035, 1.5 MB
    Last ned
  • Regissør Kjersti Horn
    Regissør Kjersti Horn
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4521 x 4016, 9.7 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto: Kven drap far min
    Framsyningsfoto: Kven drap far min
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5568 x 3712, 8.8 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto: Kven drap far min
    Framsyningsfoto: Kven drap far min
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4928 x 3280, 5.18 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto: Kven drap far min
    Framsyningsfoto: Kven drap far min
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2831 x 4246, 5.18 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto: Kven drap far min
    Framsyningsfoto: Kven drap far min
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4651 x 3101, 6 MB
    Last ned

Relatert innhold

  • Sigrid Husjord og Emil Johnsen gir liv til mora  og eg-personen i Ei kvinnes kampar og forvandlingar. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

    Édouard Louis kjem til premieren på teaterstykket om mora

    Édouard Louis’ mor blei verande i eit destruktivt ekteskap heile oppveksten hans. Kvifor? I romanen En kvinnes frigjøring skildrar Louis hennar veg ut. No blir dette teater i regi av Kjersti Horn.

    EI KVINNES KAMPAR OG FORVANDLINGAR
    av Édouard Louis
    PREMIERE 17. FEBRUAR KL. 19.30
    SCENE 2
    SAMTALE MED ÉDOUARD LOUIS OG KJERSTI HORN PÅ PREMIEREDAGEN KL. 19.00

    Scenograf Sven Ha