Gå videre til innhold
Emil Johnsen og Preben Hodneland skal saman fortelje den sterke historia til Edouard Louis om ein sjølvopplevd valdtekt. Foto: Bård Gundersen.
Emil Johnsen og Preben Hodneland skal saman fortelje den sterke historia til Edouard Louis om ein sjølvopplevd valdtekt. Foto: Bård Gundersen.

Pressemelding -

Edouard Louis-roman blir teater

Den andre boka til stjerneskotet Edouard Louis blir no teater, også denne gongen er det sjølvopplevd og politisk. Kan eit liv i audmjuking forklare kvifor ein ender opp som valdsmann?

VALDENS HISTORIE
AV EDOUARD LOUIS
URPREMIERE ONSDAG 13. DESEMBER KL. 19.30
SCENE 2, DET NORSKE TEATRET

Julaftan 2012 møtte den da 19 år gamle forfattaren Edouard Louis ein mann på gata og blei med han heim. Dei var tiltrekte av kvarandre, prata og hadde sex. Men idét Luois oppdaga at mobil og iPad var vekke, skifta stemninga, og han blei brutalt valdteken og utsett for mordforsøk. 

Sosial mobilitet

Etter hendinga var han i tvil om han skulle anmelde forholdet. Både fordi han ikkje var sikker på om han orka å utsette seg sjølv for dei undersøkingane og forhøyra som ville følge, eller om han ønskte å få valdsmannen sett bak lås og slå. Louis tilfører nemleg ein politisk klassedimensjon til vald som fenomen. Dersom han anmelder forholdet, vil overgriparen mest truleg for alltid vere fanga i den sosiale underklassa han kom ifrå. Louis kjente seg ikkje sikker på om han ønskte å vere med på det, trass i det han var blitt utsett for. Sjølv har han fått moglegheit til å klatre opp frå arbeiderklassen han blei fødd inn i. 

Forfattar Edouard Louis er berre 23. år, men har rokke å skrive to bøker som har gitt han stjernestatus i bokverda. Joel Saget / AFP / NTB scanpix.

Vald avlar vald

Bak framsyninga står regissør Kjersti Horn. - Den er jo litt som eit svart hol denne boka til Edouard Louis. Og det handlar om ein valdtekt og eit mordforsøk han sjølv er blitt utsett for, men det handlar også om vald og utanforskap i samfunnet i eit større perspektiv. Korleis strukturer i samfunnet vårt reproduserer, men også produserer vald, forklarar ho. Horn var også først ute med å dramatisere og sette opp debutromanen til Edouard Louis Farvel til Eddy Belleguele, med Emil Johnsen på scenen aleine i eit slags forteljarteater. Denne gongen har dei også fått med seg skodespelar Preben Hodneland, og dei har flytta frå Scene 3 til større forhold på Scene 2.

Les meir om Valdens historie på våre nettsider.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge