Gå videre til innhold
Faten Mahdi Al-Hussaini, Yousef Bartho Al-Nahi, Siri Marie Seim Sønstelie og Tor Itai Keilen har alle blitt merka av utanforskap, men på svært ulikt vis. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.
Faten Mahdi Al-Hussaini, Yousef Bartho Al-Nahi, Siri Marie Seim Sønstelie og Tor Itai Keilen har alle blitt merka av utanforskap, men på svært ulikt vis. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.

Pressemelding -

Eks-radikalisert ungdom til scenen

To blei radikaliserte ekstremistar. Ein møtte radikalismen på andre sida av geværmunningen på Utøya. Det er sterke historier som blir fortalde av det unge ensemblet på Hovudscenen. Sanne og personlege historier om å ikkje passe inn, om å på ein eller annan måte bli definerte på utsida av fellesskapet, og kva dette kan føre til.

UTAFOR
av Svein Tindberg og Just Unity
URPREMIERE 13. APRIL KL. 20.00
HOVUDSCENEN

Faten Mahdi Al-Hussaini, kjent frå Faten tar valget på NRK, tek no steget inn på scenen i kampen mot utanforskap og radikalisering. I lag med Yousef Al-Nahi, som konverterte til islam som 17-åring, driv ho til dagleg Just Unity. Dei har som formål å forebygge radikalisering og ekstremisme blant ungdom. Begge har ei fortid som radikaliserte, og Yousef var i den nære kretsen rundt Ubaydullah Hussain i Profetens Ummah, da han akkurat hadde konvertert til islam.

Fire unge stemmer

Det Norske Teatrets skodespelar Svein Tindberg har i årevis arbeidd med trusspørsmål, og kontakta Just Unity i håp om å lage ei framsyning om nettopp radikalisering og ekstremisme. Med seg på laget har dei også Tor Itai Keilen med jødisk bakgrunn og Siri Marie Seim Sønstelie, som er overlevande frå Utøya. Dei har begge opplevd ekstremisme på kroppen.


Kamp mot ekstremisme

På scenen møter vi også andre ungdomar som har kjent på ulike sider ved det å hamne utafor. Det kan vere mobbing, utsjånad, at ein har ei anna tru eller livssyn - det er mange grunnar til at barn og ungdom kan kjenne seg på utsida. Framsyninga ønskjer å formidle viktigheita av å sjå dei som fell utanfor. Inkludering, dialog og fellesskap er eit sentralt våpen i kampen mot radikalisering, og Utafor er meint som eit middel i denne.

Svein Tindberg debuterer

Framsyninga er ein vev av sterke vitnesbyrd om erfaringar med ekstremisme, presentert av eit ungt ensemble gjennom forteljingar og dans. Musikken er ved Øystein Skar, kjent frå indiepopgruppa Highasakite. Skodespelar Svein Tindberg har tidlegare stått bak framsyningar som Markusevangeliet og Abrahams barn, men dette er første gang han også står for regien av framsyninga.

Les meir om Utafor
Les meir om Just Unity 

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Relatert innhold

  • Svein Tindberg var i Jerusalem i 2017 for å gjere research til framsyninga Utafor. Med seg hadde han sine fire unge medspelarar.

    Tru, håp og teater

    I vår blir det teater i kampen mot ekstremisme på Hovudscenen. Det Svein Tindberg ønskjer med prosjektet, er at vi skal sjå kvarandre, for pokker!
    Dei siste åra har fleire tusen europearar slutta seg til IS. PST anslår at om lag 100 av desse framandkrigarane har band til Noreg. I dette talet er det både menn, kvinner og barn. Når grunnen no skakar under Den Islamske Staten, reiser fleire av fra