Gå videre til innhold
Fotballen er både folkeleg og elitistisk - og elska i alle samfunnslag. Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.
Fotballen er både folkeleg og elitistisk - og elska i alle samfunnslag. Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

Pressemelding -

Fotballen som kamparena

Er sport ein form for krig i fredstid? Sportskoret tek for seg fotballen som fenomen og idé og alt den fører med seg av medieoppstyr, fankultur, trenardrama og kjønnskamp.

SPORTSKORET
av Elfriede Jelinek
PREMIERE TORSDAG 14. MARS KL. 20.00
SCENE 3


Handlar fotball om spel, om likemenn som møtest til dyst for å leike? Eller handlar det om kven som har mest pengar til å kjøpe dei beste spelarane, få dei beste sponsoravtalane og i ytste konsekvens - fikse resultatet på førehand? Nobelprisvinnar i litteratur, Elfriede Jelinek, nytter fotballen som prisme for å seie noko om ei samtid som er besett av kropp, der alt og alle har ein marknadsverdi, om trongen etter å tilhøyre ein fellesskap, eit lag eller ein nasjon. Både menneske, kjensler og supportarutstyr kan selgast. Media er eit nødvendig vonde, som held kampen varm.

Samfunnet Jelinek portretterer i denne kaskadiske ordflaumen av ein teatertekst, er eit nyliberalt prestasjonssamfunn der alt blir målt. Du må prestere og vere i rørsle heile tida, økonomien må vere i flyt – vi skal vidare, framover, oppover, vi må ha betre og sterkare resultat, og viss det flatar ut, er det like før det kollapsar. Og da vender vi oss mot kvarandre.
Kva er ein spelar verd? Og kva er eit menneske verd?

– Fotball set alle kjensler på fullt volum når ting står på spel. I desse dagar gjer det berre ekstremt vondt! seier skodespelar og Glimt-supportar Ellen Birgitte Winther. Les heile saken her.

Med scenen som kampsone

Skiljet mellom sal og scene er viska ut. Ambisjonen er å lage ein fotballfest på Scene 3, der sjølve fotballkampen dannar ramma for framsyninga. På scenen står eit kampklart ensemble. Regissør Rebekka Nilsson har trent skodespelarane klare til avspark, og på scenen er også musikar Sjur Miljeteig med for å skape den rette driven i spelet. Frå studio kommenterer ekspertane, supporterane drikk seg varme på puben og laget varmar opp medan dei diskuterer strategien. Så følgjer det to omgangar, med innlagt pause. Her blir det underhaldning og reklameinnslag – og sjølvsagt sal av drikke og snacks.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Sportskoret uttrykk
    Sportskoret uttrykk
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    6813 x 4542, 2.54 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Sportskoret
    Framsyningsfoto Sportskoret
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    7008 x 4672, 8.94 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Sportskoret
    Framsyningsfoto Sportskoret
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    4672 x 7008, 8.84 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Sportskoret
    Framsyningsfoto Sportskoret
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    7008 x 4672, 9.67 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Sportskoret
    Framsyningsfoto Sportskoret
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    7008 x 4672, 8.25 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Sportskoret
    Framsyningsfoto Sportskoret
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    6854 x 4569, 6.7 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Sportskoret
    Framsyningsfoto Sportskoret
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    7008 x 4672, 9.41 MB
    Last ned