Gå videre til innhold
Det er Heidi Gjermundsen Broch som spelar hovudrolla, byråkraten Brille, som får ei livsendrande nyheit. Foto: Eirik Malmo.
Det er Heidi Gjermundsen Broch som spelar hovudrolla, byråkraten Brille, som får ei livsendrande nyheit. Foto: Eirik Malmo.

Pressemelding -

Frank Kjosås debuterer som regissør

Skodespelarane Rolf Kristian Larsen og Frank Kjosås debuterer begge i uvande roller med eit stykke om å leve medan det enno er tid.

l.i.f.e.g.o.e.s.o.n
av Rolf Kristian Larsen
URPREMIERE TORSDAG 25. OKTOBER KL. 20.30
PÅ SCENE 3
I rollene: Heidi Gjermundsen Broch, Ingeborg Sundrehagen Raustøl, Frode Winther, Joachim Rafaelsen og Peiman Azizpour
Komponist: Sandra Kolstad

Rolf Kristian Larsen, kjend for eit breitt norsk publikum som Eivind Brattskjær i Heimebane, debuterer som dramatikar. Frank Kjosås, kjend for tallause roller ved teatret og på lerretet, debuterer på regi. Med seg på Scene 3 har dei fått ein erfaren skodespelar når dei no er aktuelle med l.i.f.e.g.o.e.s.o.n. Her møter vi Heidi Gjermundsen Broch i rolla som Brille, ei middelaldrande, relativt grå kvinne tilsett i byråkratiet. Ho har mista lysta på livet etter at mannen døde for over 20 år sidan. Dottera og ho har glidd ifrå kvarandre, og det einaste ho har levd for er å skjøtte jobben til punkt og prikke. Inntil ho ein dag får ein svært dårleg beskjed frå legen om at ho ikkje har lenge igjen å leve. Regissør Frank Kjosås håper publikum vil få ein slags vekkar om korleis dei lev liva sine: - Samtidig er det ein slags naivistisk hylling til livet, seier han.

- Vi må rekke å leve før vi døyr, seier dramatikar Rolf Kristian Larsen.

Etter samtalen på legekontoret strener Brille til næraste bar. Dette har ho ikkje gjort på lenge, i alle fall ikkje åleine. Og sidan ho er totalt slått ut av vissheita om at ho snart skal døy, endar ho opp med å ta det heilt ut. Alt som har demma seg opp i henne kjem i fri flyt. Det blir ganske ekstremt, ganske komisk, men også sårt.


Les meir om teaterframsyninga l.i.f.e.g.o.e.s.o.n
.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Frank Kjosås debuterer som regissør
    Frank Kjosås debuterer som regissør
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4016 x 6016, 11.1 MB
    Last ned
  • Rolf Kristian Larsen debuterer som dramatikar
    Rolf Kristian Larsen debuterer som dramatikar
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3481 x 5684, 6.79 MB
    Last ned
  • UTTRYKK l.i.f.e.g.o.e.s.o.n med Heidi Gjermundsen Broch
    UTTRYKK l.i.f.e.g.o.e.s.o.n med Heidi Gjermundsen Broch
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2500 x 1406, 2.59 MB
    Last ned
  • Foto frå framsyninga: l.i.f.e.g.o.e.s.o.n
    Foto frå framsyninga: l.i.f.e.g.o.e.s.o.n
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4903 x 3269, 6.63 MB
    Last ned
  • Foto frå framsyninga: l.i.f.e.g.o.e.s.o.n
    Foto frå framsyninga: l.i.f.e.g.o.e.s.o.n
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5568 x 3712, 5.34 MB
    Last ned
  • Foto frå framsyninga: l.i.f.e.g.o.e.s.o.n
    Foto frå framsyninga: l.i.f.e.g.o.e.s.o.n
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5568 x 3712, 6.39 MB
    Last ned
  • Foto frå framsyninga: l.i.f.e.g.o.e.s.o.n
    Foto frå framsyninga: l.i.f.e.g.o.e.s.o.n
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5314 x 3543, 5.41 MB
    Last ned
  • Foto frå framsyninga: l.i.f.e.g.o.e.s.o.n
    Foto frå framsyninga: l.i.f.e.g.o.e.s.o.n
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4687 x 3125, 5.92 MB
    Last ned
  • Foto frå framsyninga: l.i.f.e.g.o.e.s.o.n
    Foto frå framsyninga: l.i.f.e.g.o.e.s.o.n
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5568 x 3712, 9.63 MB
    Last ned
  • l.i.f.e.g.o.e.s.o.n
    Spill av video
    l.i.f.e.g.o.e.s.o.n
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .mp4
    Lengde:
    0:37
    Last ned

Relatert innhold

  • Rolf Kristian Larsen debuterer som dramatikar med l.i.f.e.g.o.e.s.o.n. Foto: Siren Høyland Sæter.

    Det handlar om å leve, for faen

    ​I haust skal den kvikke raudluggen dei fleste nok kjenner som Eivind Brattskjær i NRK-serien Heimebane debutere på noko han definitivt opplever som bortebane – nemleg som dramatikar for teaterscenen.