Gå videre til innhold
Gina Bernhoft Gørvell som Hedvig står i sentrum i denne oppsetjinga av Villanda. Foto: Pernille Sandberg.
Gina Bernhoft Gørvell som Hedvig står i sentrum i denne oppsetjinga av Villanda. Foto: Pernille Sandberg.

Pressemelding -

Hedvigs bilde

Kven er Hedvig bak maska? Kva leitar ho etter i fotografia sine? I denne varsjonen av Ibsens Villanda er det Hedvigs indre kamp for å finne seg sjølv som står i sentrum.

VILLANDA
av Henrik Ibsen
PREMIERE TORSDAG 23. JANUAR KL. 20.30
PÅ SCENE 3

Fotograf-famiIien Ekdal bur i ein moderne leilegheit med open løysing. Daglegliv og arbeid flyt i kvarandre, skjermar av ulik sort konkurrerer med merksemda frå den verkelege verda. I denne versjonen av Villanda har regissør Lars Erik Holter vald å sjå stykket frå Hedvigs synsvinkel. Ungdomsopprøret hennar er ikkje høglydt og utagerande. Hedvig gjer som ho blir fortald. Ho observerer, ho oppdagar og ho fotograferer.

Kven er Hedvig?
Forfedrenes syndar og forteiing gjer at det er noko ved seg ho ikkje forstår, ein nøkkel ho ikkje finn. Ho fotograferer seg sjølv og andre, granskar bilda, men finn ikkje svaret ho leitar etter. Ho flyktar lenger og lenger inn i den redigerte versjonen av verda i fotografia og blir fjernare og fjernare for foreldra.

Livsløgna
Hedvig veit ikkje at ho ikkje er dotter til faren, Hjalmar Ekdal. Ho er nemleg dotter av Grosserer Werle, faren til Hjalmars kamerat, Gregers. Hjalmar veit heller ikkje dette. Hedvigs mor arbeidde i si tid heime hos Gregers´ far rett før ho møtte Hjalmar. Og Hedvig blei fødd litt for kort tid etter at foreldra trefte kvarandre.

Dette er den store løyndomen Gregers Werle ser som si livsoppgåve å få lufta ut, utan tanke for korleis dette vil påverke Hedvig.

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge