Gå videre til innhold
Gina Bernhoft Gørvell spelar rolla som Hedvig i Villanda, som blir direktestrøyma frå Det Norske Teatret. Foto: Pernille Sandberg.
Gina Bernhoft Gørvell spelar rolla som Hedvig i Villanda, som blir direktestrøyma frå Det Norske Teatret. Foto: Pernille Sandberg.

Pressemelding -

Villanda blir strøyma på nytt

Heddaprisvinnaren Villanda får to nye strøymedatoar i januar.

VILLANDA
av Henrik Ibsen
DIREKTESTRØYMING 22. JANUAR KL. 20.30
DIREKTESTRØYMING 11. FEBRUAR KL. 20.30
I DI EIGA STOVE

- Med forlenginga av den sosiale nedstenginga i Oslo, er vi glade for å kunne tilby kulturelle pustehol. Frå neste veke har vi fleire strøymingar i repertoaret vårt, seier teatersjef Erik Ulfsby.
- Strategien under denne perioden har heile tida vore å prøve opp framsyningar etter dei fastlagde planane. Direktestrøyming gir oss høvet til å vere til stades, ikkje berre for publikum som ikkje kan komme til teatret grunna pandemien, men også til eit publikum som bur langt unna, legg teatersjefen til. Han synes det er flott at framsynignane når ut til folk frå lengst i sør til langt mot nord.

Før jul blei Villanda vist for 48 skoleklassar, det vil seie at i alt 1252 elevar fekk henne med seg (i samarbeid med DKS Oslo og OBOS billettfond). 
- No håpar vi enno fleire som ikkje fekk med seg framsyninga sist, vil få sjansen, seier Ulfsby.
Strøymingane blir vist i sanntid, for å skape noko av den same her-og-no-opplevinga ein får i ein teatersal. Ho er også tilpassa for kamera.

Direktestrøyminga av Villanda skjer 22. januar og 11. februar. Før framsyninga vil publikum også få med seg ein samtale mellom dramaturgen for framsyninga og "familien Ekdal".


Les meir om Villanda på nettsidene.

Les meir om direktestrøyming på Det Norske Teatret.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Relatert innhold

  • Gina Bernhoft Gørvell spelar rolla som Hedvig i Villanda, som no blir direktestrøyma frå Det Norske Teatret. Foto: Pernille Sandberg.

    Villanda i strøymeversjon

    Det Norske Teatret har vore ambisiøse i satsinga på direktestrøyming av teater. No blir tilbodet utvida med ein strøymeversjon av den prisvinnande framsyninga Villanda.

  • Gina Bernhoft Gørvell som Hedvig står i sentrum i denne oppsetjinga av Villanda. Foto: Pernille Sandberg.

    Hedvigs bilde

    Kven er Hedvig bak maska? Kva leitar ho etter i fotografia sine? I denne varsjonen av Ibsens Villanda er det Hedvigs indre kamp for å finne seg sjølv som står i sentrum.

  • Jon Bleiklie Devik, som har rolla som slåttekaren Nesje, opplevde at framsyninga han spelte i blei sett på pause dagen etter premieren.

    Teater ute og Slåttekaren i strøymeversjon

    Førstkomande laurdag er første gongen Det Norske Teatret spelar teater for publikum sidan Oslo blei stengt i november, med vandreframsyninga GÅ. Samstundes utvidar teateret tilbodet med direktestrøyming av teater med enno ei framsyning. Heile landet kan no få med seg Slåttekar i himmelen heime i eiga stove.