Gå videre til innhold
Her er hausten på Det Norske Teatret

Pressemelding -

Her er hausten på Det Norske Teatret

I dag la Det Norske Teatret fram repertoaret for hausten 2017. Med eit rikhaldig program, held teateret fram den sterke satsinga på norske urpremierer, men opnar Hovudscenen med Broadwaysuksessen The Book of Mormon, som endeleg kjem på norsk.

Repertoaret spenner frå den store broadwaymusikalen til ei scenisk diktframsyning med utgangspunkt i myten om HerostratosI tillegg kjem Stein Winge tilbake til Det Norske Teatret, og vi satsar også i haust stort på nytt norsk eventyrteater på Hovudscenen med Snøkvit.

HEILE REPERTOARET
Her finn du oversyn over heile repertoaret for hausten 2017.

BROADWAYSUKSESSEN THE BOOK OF MORMON

Hovudscenen opnar til hausten med musikalen skapt av duoen bak teikneserien South Park og mannen bak musikken til Disneyfilmen Frost. Dette er ein overraskande og satirisk musikal om religion, som har sprengt alle grenser for kva ein kan tulle med – og komme unna med. For regien står ein av Noregs humor-ynglingar; Vidar Magnussen, som også debuterer som regissør med denne framsyninga.

Les meir: Sensasjonen frå Broadway til Oslo

STEIN WINGE TILBAKE TIL DET NORSKE TEATRET

Sist Stein Winge var på Det Norske Teatret, var med den seks timar lange framsyninga Bibelen. Denne gongen er det den absurdhumoristiske og groteske framsyninga som på norsk har fått tittelen Skål for dommedag! Winge skal bryne seg på. Stykket er best kjent under tittelen Le Grand Macabre, etter Ligetis opera bygd på teaterstykket. Her møter vi den obskure karakteren Nekrotzar, som trugar med at han vil knuse verda med ein komet. Dommedagspanikken spreier seg i befolkinga, men så drikk Nekrotzar seg stupfull, og gløymer det heile.

SKANDINAVIAPREMIERE

Det Norske Teatret har også vore så heldige å få vere først ute mellom dei Skandinaviske landa med Broadwayframsyninga Heisenberg av Simon Stephens. Det handlar om eit skjelsettande møte mellom to menneske på ein togstasjon, spelt av Bjørn Floberg og Marie Blokhus. Stephens er kjent for eit norsk publikum for å ha dramatisert Det merkelege som hende med hunden den natta, som går for fulle hus på Scene 3 for fjerde året på rad.

EI VERD AV NASHORN

Kva om du ein dag vakna opp, og så var alle rundt deg blitt til nashorn? På Scene 2 presenterer vi Eugene Ionescos absurd komiske Nashornet. Heilt vanlege menneske sluttar å vere vanlege og blir som nashorn, som drit i humanisme, drit i faktasjekk, drit i kultur og drit i vanleg folkeskikk. Kva gjer du, når det går opp for deg at verda held på å bli overtatt av klønete, vulgære, aggressive og territoriale dyr med dårleg gangsyn og liten hjerne?

EKSTREMISME OG OPPGJER MED JULEFEIRINGA

På Scene 3 vil to stykke – på svært ulikt vis – sjå nærare på kva som ligg til grunn for at nokon gjer ekstreme handlingar. Nadia – eit internasjonalt samarbeid med teaternettverket ETC – vil sjå nærare på kva som gjer unge menneske radikaliserte. Det sceniske diktet Herostratos, tek utgangspunkt i sjølve myten om Herostratos – ønsket om å gjere seg sjølv udøyeleg gjennom ein udåd. Scene 3 byr også på nok ei norsk urpremiere, nemleg ei alternativ juleforteljing gjennom Gunnar Germundssons Faens Nisse, som tek eit oppgjer med den norske julefeiringa.


Ta kontakt for pressebillettar, intervjuavtalar og meir informasjon.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge