Gå videre til innhold
Herborg Kråkevik er eit namn mange forbind med jul. I år er ho også aktuell med 24-stjerners julekalender i tillegg til at juleheftet Juleroser kjem ut for 10. gong. Og tre søndagar i advent inviterer ho til ein varm førjulsfest på Hovudscenen.
Herborg Kråkevik er eit namn mange forbind med jul. I år er ho også aktuell med 24-stjerners julekalender i tillegg til at juleheftet Juleroser kjem ut for 10. gong. Og tre søndagar i advent inviterer ho til ein varm førjulsfest på Hovudscenen.

Pressemelding -

Herborg Kråkeviks Juleroser blir julekonsert

I høve 10-årsjubileet for Herborg Kråkeviks tradisjonsrike Juleroser, kjem magasinet for første gong til live på Hovudscenen tre søndagar i advent. På scenen står eit knippe av våre beste forfattarar og artistar - mellom andre Sondre Lerche, Oslo Filharmoniske kor, Linda Eide, Jo Nesbø, Vigdis Hjorth, Janove Ottesen, Vetle Lid Larsen og Carsten Jensen, i lag med Kråkevik sjølv og skodespelarar frå Det Norske Teatret.


JULEROSER
Søndag 1. desember kl. 14.30 og 17.00
Søndag 8. desember kl. 14.30 og 17.00
Søndag 15. desember kl. 14.30 og 17.00
HOVUDSCENEN

I år feirer Noregs mest elska julehefte 10 år, og i det høvet har Det Norske Teatret og Samlaget i lag med Herborg Kråkevik tromma saman nokre av dei som har bidrege til heftet gjennom alle desse åra. Mellom årets bidragsyterar i juleheftet er Jon Fosse, H.K.H. Mette-Marit, Paul Auster, Jo Nesbø, Sondre Lerche og Carsten Jensen. Dei tre sistnemnde blir også å sjå på scenen på Det Norske Teatret.


1. desember
med Vigdis Hjorth, Sondre Lerche og Carsten Jensen

Sondre Lerche har skrive og komponert årets julesong i Juleroser; Den sanne jul. Med seg på scenen har han Oslo Filharmoniske kor.
Carsten Jensen
har bidratt med ein tekst til årets Juleroser, som han vil framføre sjølv.
Vigdis Hjorth
skreiv novella Julaften til Juleroser i 2015. Den handlar om ei mor sin kamp for å halde seg edru på julekvelden.

8. desember med Linda Eide og Janove Ottesen

Janove Ottesen frå Kaizers Orchestra komponerte låta Carnaby jul til Juleroser i 2022. Songen handlar om å skape gode minne for barna, inspirert av kona sine barndomsminne frå reiser til London i desember. Om barnet som tek inn i storbyen med alle sansar og held mor trygt i handa.
Linda Eide
skreiv teksten Jolatantene prøver seg på ein vri til magasinet i 2018, der ho spør om det er mogleg å lage heilt nye juletradisjonar i vaksen alder, eller om det berre fører til sorg, sinne og skilsmisse.


15. desember med Jo Nesbø og Vetle Lid Larssen

Jo Nesbø har skrive teksten Hoppbakken til årets hefte, om den jula han og broren fekk hoppski til jul, om lyden av is i sporet og frykta for å skuffe pappa.
Vetle Lid Larssen
skreiv novella Den magiske øsen for Juleroser i 2016. Den handlar om ein mann som er lei julemaset og dreg til Venezia i staden. Men den magiske ausa heimsøker han.

Ein artist blir også annonsert 1. desember, og vil vere med på scenen 15. desember. Skodespelarane Charlotte Frogner, Pål Christian Eggen og Morten Svartveit deltar alle kveldar, i tillegg til musikarar frå Det Norske Teatret.

Rik, norsk juletradisjon

Juleheftet Juleroser blei første gongen utgitt i 1881, og var det første juleheftet som kom ut regelmessig i Norden. Etter ein pause på over 70 år, blei tradisjonen vekt til live i 2015, denne gongen med artist og skodespelar Herborg Kråkevik som redaktør. Ho fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta i Noreg. Juleroser er eit vakkert illustrert hefte med nyskrivne bidrag frå nokre av våre fremste forfattarar og musikarar, sett saman med nye og klassiske kunstverk i ein fin balanse mellom det nostalgiske og det moderne.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Framside Juleroser 2024
    Framside Juleroser 2024
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Opphavsrett:
    Samlaget
    Størrelse:
    1440 x 1898, 6.12 MB
    Last ned
  • Herborg Kråkevik
    Herborg Kråkevik
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Samlaget
    Størrelse:
    5459 x 7240, 40.7 MB
    Last ned
  • Herborg Kråkevik
    Herborg Kråkevik
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Samlaget
    Størrelse:
    3655 x 5466, 11.5 MB
    Last ned