Gå videre til innhold
Hildegun Riise les dikt og syng, medan Anders Aarum sit bak tangentane.
Hildegun Riise les dikt og syng, medan Anders Aarum sit bak tangentane.

Pressemelding -

Hildegun Riise med poesiframsyning

Hildegun Riise er kjend for å vere ein dyktig poesitolkar, med sin varme stemme og inderlege framføring. I Stjerner, songar, ansikt deler ho nokre av sine favorittdikt med publikum, til musikk ved pianist Anders Aarum.

STJERNER, SONGAR, ANSIKT
ONSDAG 6. JUNI KL. 19.30
SCENE 2

Riise har samla dikt frå ulike stader i verda av mellom andre Edith Södergran, Eva Kiilpi, Hans Børli, William Butler Yeats, Jon Fosse, Eva Jensen, Li Po, Tadeusch Rosewiczh, Olav H.Hauge, Åse Marie Nesse, Jerzy Harasymowicz, Helge Torvund, A. Amini og Lars Amund Vaage.

Saman med songar av mellom andre Kari Bremnes, Stein Torleif Bjella, Edvard Hoem/Henning Sommerro, Tom Roger Aadland og musikk spelt av Anders Aarum blir dette ein vev av musikk og poesi.

Tema krinsar rundt menneskemøter – ansikt som kjem og forsvinn eller blir verande hos oss. Avtrykk og erfaringar som gjer oss til dei menneska vi er.

Les meir om Stjerner, songar ansikt

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Hildegun Riise og Anders Aarum
    Hildegun Riise og Anders Aarum
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6016 x 4016, 8.95 MB
    Last ned