Gå videre til innhold
Etter at nokon ropte eit transfobisk skjellsord og kasta en burgar på hen, blei perfomancekunstnaren Travis Alabanza besett av burgarar.
Etter at nokon ropte eit transfobisk skjellsord og kasta en burgar på hen, blei perfomancekunstnaren Travis Alabanza besett av burgarar.

Pressemelding -

Identitet, hiphop og teater

I Storbritannia har hatkriminalitet auka med over 150% sidan 2013, og med over 50% berre siste året. Korleis er det å bli utsett for dette? Ein episode der Travis Alabanza fekk ein burgar kasta på seg er ein del av denne statistikken, og dannar utgangspunktet for Burgerz. Dette er ei av framsyningane du kan få med deg under årets SPKRBOX-festival for hiphopteater, 1. - 17. desember.

SPKRBOX-FESTIVALEN PÅ DET NORSKE TEATRET:

BLOKK TIL BLOKK
6. og 13. desember kl. 20.00.
Hovudscenen
Samtale før framsyninga


UTKAST

9. desember kl. 19.30
Scene 2

BURGERZ
10. desember kl. 14.00 og 18.00
Scene 3

KORTE ÅR, LANGER DAGER
15. og 16. desember kl. 20.00, 17. desember kl. 18.00
Scene 3
Samtale etter framsyninga



Dramatikar og scenekunstnar Travis Alabanza er ein av Storbritannias mest prominente transstemmer, og med BURGERZ presenterer hen ei tidsriktig, ubehageleg og hardtslåande framsyning om ein episode der nokon kasta ein burgar på hen medan dei ropte eit transfobisk skjellsord. Dette førte til at hen nærast blei besett av korleis burgarar lukta, kva dei er laga av og korleis. Kanskje for å ufarleggjere den krenkande opplevinga. Kanskje for å forsøke å forstå kvifor nokon ønskjer å gjere dette mot andre. Resulatet er ei både konfronterande og sår framsyning som har fått svært god mottaking sidan den hadde premiere på teaterfestivalen i Edinburg i 2019.

I tillegg til Burgerz, vil Don Martin, Castro og Fela dele sine oppveksthistorier på Hovudscenen (Blokk til blokk), det blir stunt-teater med Utkast og Samir Madad vil dele si historie om å vere eit barn på flukt (Korte år, lange dager).

Ut over framsyningar blir det også samtalar i tilknyting til nokre av framsyningane.

SPKRBOX-festivalen ved Det Norske Teatret er del av SPKRBOX-festivalen som går føre seg ulike stader i Oslo by.

    Related links

    Emner

    Kategorier



    Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

    Kontakter

    Ida Michaelsen

    Ida Michaelsen

    Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
    Åsne Dahl Torp

    Åsne Dahl Torp

    Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

    Refleksjon, oppleving og underhaldning

    Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

    Det Norske Teatret
    Kristian IVs gate 8
    0164 Oslo
    Norge